Når «Seven Swords» runda av fekk eg plutseleg lyst til å sjå «Bonanza», noko som etter alle desse åra ville ha ført til ein stor skuffelse. Ved vidare ettertanke kan dette skuldast at når filmen her gjorde seg ferdig, så var det eit eller anna som traff meg på ein måte resten av filmen ikkje klarte. «Seven Swords» er ein litt klussete film, som i rotete og uoversiktleg, eit minus som det ikkje er til å komme unna. Det blir for mange ansikt og namn på ein gong, eit problem som blir desto verre når det gjeld asiatisk film, noko eg synst vil vere tullete å legge skjul på. Eg klarar aldri å leve meg inn i filmen, og bryr meg lite om korleis dei sju sverdkjemparane møtes og sloss i lag. Sjølve sverdslossinga er jo fin, rask og smidig. Dette saman med ei litt trist scene der dei må sleppe laus noko hestar, er det einaste som gjer inntrykk. Litt rart med tanke på kva filmen eigentleg handlar om.
Innvikla og mange like folk i filmen med samme klede, rare namn som ikkje er så lette å hugse. Forvirrande klipping i slåsscenene kan bli slitsomt.
