Harold & Kumar Escape from Guantanamo Bay (2008)

IMDb: 7.3/10 (13,858 votes)

Visse forventingar var knytta til denne oppfølgaren, kunne radarparet som fekk meg til å sjå «Harold & Kumar Go to White Castle» tre gonger innfri på nytt? Svaret blir ikkje så enkelt som ja eller nei.

Både faren og gleden ved ein oppfølgar er at den må gjenskape det essensielle ved førstefilmen og samtidig skape noko nytt. Ikkje alle filmar gjer dette innan stonerkomediesjangeren, som «Harold & Kumar» med si tiltrekning mot marijuana må seiast å tilhøyre, og dei endar difor opp rett på video.

I «Guantanamo Bay» møter me igjen John Cho og Kal Penn som andregenerasjons innvandrarar i USA. Filmens handling begynnar der «White Castle» slutta og dei har altsÃ¥ planar om Ã¥ reise over dammen til Europa og Amsterdam, som Kumar sÃ¥ godt uttrykker det: «It’s gonna be exactly like Eurotrip only it’s not going to suck!» At referansen til «Eurotrip» i heile tatt blir teke i bruk lovar ikkje all verden, men heldigvis gÃ¥r ting i ei anna retning, og etter det eine har ført til det andre er Harold og Kumar hamna pÃ¥ Guantanamo Bay og mÃ¥ suge store Bobs kuk for Ã¥ overleve.

Som tittelen skal ha det til stikk sjølvsagt Harold og Kumar av, det er i denne delen av filmen reisa frå leiligheita til White Castle i førstefilmen blir forsøkt gjenskapt, berre drøyare. Neil Patrick Harris er med igjen og Rob Corddry er den sinnsjuke autoriteten som skal følge dei i hælane og presse eventyret framover. Sjølv om det er morosamt så blir det sikta for høgt med denne filmen, sjarmen ved at den korte turen til White Castle som gav inntrykk av å vere lang på grunn av mengder marijuana i førstefilmen er borte i den geografiske målstokken historien her føregår i. Så kan det vere opp til den enkelte å finne positive sider ved dette, eg har iallfall uttrykkt mi meining. Personleg fann eg mest glede i å kunne oppleve ein splitter ny film med Harold og Kumar i heile tatt, deretter kose meg med den enkle humoren dei tilbydde. Forutan dette er det lite som får plass i hugseboka (ehrm, motsette av gløymeboka?), kanskje den sekvensen med bottomless-partyet (som svar på topless-party).

Men for all del, likte du «White Castle» vil du kunne få nok ut av denne til ikkje å kjede deg.

6/10

Harold & Kumar Go to White Castle (2004)

IMDb: 7.1/10 (8,492 votes)

Harold and Kumar Go to White CastleFølgande stod pÃ¥ IMDb: «Everything «Dude Where’s My Car» should have been». Eg tenkte akkurat pÃ¥ det same. Begge er fine komediar. Denne sÃ¥ fin at eg etter Ã¥ ha sett den før hadde lyst Ã¥ sjÃ¥ den igjen.

Akkurat som med «American Pie» er dette ein slik komedie som ein kan sjå opp igjen fleire gonger, hovudsakleg på grunn av si enkelheit vil eg tru. Potensialet for at denne filmen får ein oppfølgar ser eg ikkje på som urealistisk heller. Håpet er at ein ev. oppfølgar ikkje prøver for hardt å leve opp til denne filmen.

Det er ingen tvil, dette er ein av dei betre stonerkomediane. PÃ¥ mi liste, ein topp 10 kandidat med «American Pie», «Van Wilder» (som eg synst var god!), «Dude, Where’s My Car?» og «American Pie 2». Og korleis er sÃ¥ resten av topp 10 lista mi? Vel, den er ikkje fastlagt endÃ¥, sÃ¥ det er ikkje godt Ã¥ sei.

8/10

Harold & Kumar Go to White Castle (2004)

IMDb: 7.2/10 (3,185 votes)

Harold and Kumar Go To White Castle American HighMan! Den beste komedien av denne typen eg har sett pÃ¥ lenge. Eg tykkte ikkje dei overdreiv sÃ¥ altfor mykje som dei ofte har ein tendens til Ã¥ gjere i slike filmar pÃ¥ forskjellige plan. Definitivt ein «verdt Ã¥ sjÃ¥» film.

8/10