Year One (2009)

IMDb: 5.1/10 (10,116 votes)

YR1_ADV_IT_1SHT_4«Year One» er laga utan eit snev av kvalitet, eit omgrep som er vanskeleg å definere utan motstykke som denne filmen. Å gi den tre på skalaen har med ting som bilde- og lydkvalitet og hår igjen på skallen min å gjere, framfor at den har eit gram av godside ved seg. Jack Black har eit variert resumé, men vil trenge ein satans god film for å hente seg inn igjen i mine auger. Han er som filmen fråverande av spøkar. Dette er flaut, for meg, for Michael Cera, for filmbransjen, og for dei med ideen som har blitt tilintetgjort.

3/10

Groundhog Day (1993)

IMDb: 8.0/10 (67,510 votes)

Groundhog DayDen sjølvgode vêrmannen Phil må for fjerde år på rad reise til møkkabyen Punxsutawney, for å rapportere for tv-programmet han er ein del av. Groundhog day som den lokale festiviteten Phil (Bill Murray) skal dekke heiter, er eit konsept der eit svært ekorn skal fortelje om vinteren er over eller vil vare lengre. Ganske snåle greier altså, men visstnok vanleg i enkelte amerikanske og kanadiske byar.

Dagen gÃ¥r, Phil kjem seg ikkje heim utpÃ¥ kvelden pÃ¥ grunn av ein uventande snøstorm, og mÃ¥ overnatte nok ei natt der. Neste morgon vaknar han, og det viser seg at den nye dagen faktisk er gÃ¥rsdagen. Slik fortset dag etter dag, eit reint mareritt for Phil som hatar Punxs…

Etter kvart gjer han seg sjølvsagt nytte av det han opplever denne dagen, for at den neste, same dagen skal gå lettare for hans eigen del.

Før eg skjønte at dette handla om deja vu (eg hadde ikkje lese om filmen på forhånd), så var eg skeptisk til kor dette bar. Eg blei derimot gledeleg overraska når filmen tok ei surrealistisk vending, før eg så bleiskeptisk igjen. No til korleis resten av filmen skulle klare å bygge på Phil si stadige oppleving av groundhog day. Men Phil viste seg å vere ein fleksibel karakter, og historia serverte nye vendingar stadig vekk.

Det er variasjonen i filmen som gjer den likandes. At den i visse deler torer å ta avstand frå den romantiske biten mellom Phil og kollega/produsent Rita (Andie MacDowell) er óg bra. Solid film altså, som óg serverar god komikk.

7/10

The Ice Harvest (2005)

IMDb: 6.0/10 (3,241 votes)

The Ice HarvestEg har delte meiningar om denne filmen. Fleire plassar ser eg at det blir forsøkt å gjere noko morosamt på ein intellektuell måte, men at det ikkje heilt når opp. Det er likevel morosamt mange stader, spesielt i scenene med Oliver Platt. Filmen klarar ikkje å overraske, og er tross blodsutgytinga litt slapp. Det kalde kjem ikkje heilt fram, og i ei scene der rollefiguren til John Cusack står og ser utover eit jorde får eg inntrykk av at det er ein mild fønvind framover kalde gufs som går gjennom håret hans. Eg har absolutt ingenting å begrunne dette med, sidan det som sagt berre er eit inntrykk.

5/10