Innlegg merka med ‘Hayao Miyazaki’

Gake no ue no Ponyo (2008)

IMDb: 8.0/10 (6,692 votes)
Som den blaserte filmsjåaren eg er lever eg meg sjeldan inn i film, og animasjonsfilm er det verre med. «Ponyo» (på kort) hadde eg ikkje allverdens forventingar til, dei siste tre frå Studio Ghibli har i meir eller mindre grad glidd kjapt forbi bevisstheiten. Men «Ponyo» klarar å vekke meg igjen med [...]

Kurenai no buta (1992)

IMDb: 7.8/10 (9,834 votes)
Ei forheksing har gjort piloten Marco om til ein gris, i skjul frå fascistar og luftpiratar held han bolig under parasollen på ei bortgøymt øy, når han ikkje vankar i baren på Hotell Adriano på kveldstid. Filmen tek overraskanda lite tak i forheksinga og personen Porco Rosso (tidl. Marco), men dreiar meir [...]

Kaze no tani no Naushika (1984)

IMDb: 8.1/10 (16,549 votes)
Sjølv om ikkje alle Ghiblifilmane imponerar går eg til dei usette med forventingar. «Nausicaä» er ein av dei eg har hatt mest lyst til å sjå, til stor glede innfridde den, mektig. Animasjonen flyt ikkje som i dagens produksjonar, men er upåklageleg storarta og detaljert. Universet handlinga føregår i er eventyrleg og [...]

Tonari no Totoro (1988)

IMDb: 8.1/10 (12,505 votes)
Ein stor bamse, ein liten bamse og ein minibamse. Naboane som familien Kusakabe får når dei flyttar inn i eit gammalt hus på landet er nokon merkverdige skapningar, men sjarmerande og koselege. Dessutan er det berre døtrene Mei og Satsuki som kan sjå dei.
Studio Ghbili har gitt oss mange godfilmar gjennom åra, [...]

Tenkû no shiro Rapyuta (1986)

IMDb: 7.9/10 (7,518 votes)
Betre kjent som «Laputa: Castle in the Sky», ein Studio Ghibli-produksjon.
Kanskje litt i lengste langet til å vere ein barnefilm med sine 2 timar. Men for min del var det perfekt. Ein av dei betre Ghiblifilmane eg har sett. Mekanikk, magi og svevande rike, dette er ekte saker i motsetning til «Steamboy».
Vurdering: [...]

Rupan sansei: Kariosutoro no shiro (1979)

IMDb: 7.8/10 (2,299 votes)
Også kjent som «Castle of Cagliostro». Det tok litt tid før filmen kom inn i gjenge, men når den først gjorde det så viste det seg at det var ein god spenningsfilm. Mange likskapar med James Bond, men Lupin er nokre hakk hvassare i frekkheit og galskap. Vel verdt 100 minuttar av [...]

Hauru no ugoku shiro (2004)

IMDb: 7.9/10 (5,582 votes)
Ikkje på nær så god som «Spirited Away», men fortastt ein god anime. Mange detaljar og ei grei historie.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Mononoke-hime (1997)

IMDb: 8.3/10 (17,583 votes)
Også kjent som «Princess Mononoke». Ein veldig god animefilm. Imponerande animasjon, god musikkbruk. Spennande historie. Alt i alt ein anbefalt film.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Sen to Chihiro no kamikakushi (2001)

IMDb: 8.6/10 (20,822 votes)
Også kjent som «Spirited Away» eller «Chihiro og heksene». Andre gongen eg ser filmen, første gong med originalt lydspor. Ein fantastisk teiknefilm i kvaliteten på arbeidet. Animasjonen er imponerande heile vegen, og filmen er veldig underholdande.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10