Ran, drap og lastebilkøyring
The Killing (1956, Stanley Kubrick)
Kvar Stanley Kubrick film byr på noko nytt mot resten, enten det er sjanger eller kompleksiteten til den fortalte historia. «The Killing» er ein heistfilm, som vil sei at det handlar om eit ran, nøye planlagt og detaljert forklart. Den tek for seg dei menneskelege sidene ved planen med omhug, ingen plan er perfekt då folk kan vere uforutsigbare, men ein god plan er fleksibel nok til å kunne hanskast med enkelte feilgrep. «The Killing» er ganske rett fram fortalt og byr ikkje på avstikkarar, fokuset og kompaktskapen gjer at dette fungerar og er spennande nok når det varer.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Shadow of a Doubt (1943, Alfred Hitchcock)
Hitchcock skuffar sjeldan, «Shadow of a Doubt» hamnar litt nedpå lista mi i kamp mot dei andre filmane hans, men er utvilsomt ein god film. Familien Newton får besøk av favorittonkel Charlie, spesielt vesle Charlie (jente i dette tilfelle) ser opp til onkelen sin. Ho påstår dei har eit telepatisk bånd, nesten som to tvillingar. Men onkel Charlie har ei mørk side. Så gradvis at du aldri legg merke til det forandrast idyll til mareritt, filmen er fullspekka med detaljar som frampeikarar og byr på spenning så vel som gledesstunder. Naturleg nok er vesle Charlie prega av dette. Gjennomførelsen med utspekulerte kameravinklar og få ord om den faktiske handlinga gjer dette endå meir til ein sjåverdig film.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Le Salaire de la peur (1953, Henri-Georges Clouzot)
To lastebilar med nitroglyserin skal fraktast frå A langs B til C. A er ein roleg avsidesliggande landsby i Sør-Amerika med fleire arbeidsledige franskmenn, B er ein dårleg landeveg med mange ulumskheiter, C er ein oljebrønn i brann. Forspelet byr ikkje på det heilt store, roleg og handlingslaus som delen er, men den er med på å gi kontrastar til nervepirringa i B-delen av filmen, som må seiast å vere blant dei mest spennande bilturane eg har opplevd på film. Eit par logiske bristar (kvifor rygge så langt ut på stillaset?) bryr meg lite, god nok film, og så veldig alvorleg i blant óg! For dei som er usikre, det er filmen med internasjonal tittel «The Wages of Fear» eg snakkar om her.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

(2 hittil)