IMDb: 8.0/10 from 100,630 users
Tjuande luke i julekalender 2011 er førjulsmarerittet til Tim Burton. Prosjektet var påtenkt allereie i 1982, men det tok ni år før filmen blei realisert.

Historia startar i Halloween-byen. Jack Skellington er graskarkongen og den mest skremmande skapningen i byen. Året rundt går med til planlegging av neste års halloween. Men åra har gjort Jack lei av høgtida. I flukt frå byen oppdagar han jula, og han vil introdusere den nye høgtida for medborgarane sine.
Stop-motion-regissøren Henry Selick og komponisten Danny Elfman var med å lage The Nightmare Before Christmas. For filmen betyr dette kvalitet. Selick har fått fram visjonen som utan tvil er Burtons. Elfman har treft med stemningsbyggande musikk, og bidreg òg som Jacks songstemme.
På korte 80 minuttar får du ein høgtidsfilm som passar både jul og halloween. Animasjon som uttrykksform har alltid passa rundt juletider for meg. Jon Blund i adventskalenderen Jul i skomakergata, Disney-filmar og Flåklypa Grand Prix på julaftan har sett spor.
Praksisen med stop-motion rundt juletider har etablert seg. TV-serien Community dediserte ein episode før jul i fjor, og eit innslag er med i årsaktuelle A Very Harold and Kumar Christmas. The Nightmare Before Christmas får meg i julestemning. Så enkelt er det. Dei fleste som har sett ein film eller to kjenner til filmen. For alle andre er det berre for meg å anbefale han.

Animasjon gjort av eit Neil Gaiman-arbeide, som dei siste åra har blitt populært nok. «Coraline» kan til tider minne om ein Tim Burton-film, universet, stilen, tilogmed musikken av Bruno Coulais er lik Elfman sine bidrag. Filmen har magi i historia, men får den ikkje for godt fram, det føles glattpolert og sjellaust. I blant klarar den å imponere, den har ein del sære figurar og nokre artige vendingar i historieforteljinga. Men mest av alt går det litt seint framover, verken handlinga eller sjølve filmen klarar å skape nok interesse åleine eller i lag. Fin i blant, mest gjennomsnittleg.