The Secret of My Succe$s (1987)

IMDb: 6.1/10 (9,643 votes)

Ein ung, ferdigutdanna mann, flyttar frå ein gard i Kansas for å byrje i ein god jobb, i storbyen New York. Når han kjem dit blir han møtt av ei umiddelbar oppseiing, og må ty til ein fjern slektning for å sikre seg ein anna jobb, på det interne postrommet i bedrifta.

Michael J. Fox spelar den unge mannen, Brantley, som ikkje har tÃ¥lmod til Ã¥ jobbe seg heilt frÃ¥ botnen av og oppover i selskapet, som slektningen «onkel» Howard styrer. Nyutdanna frÃ¥ college innanfor forretningsdrift, har Brantley det som skal til for ein utfordrande kontorjobb i dei øvre etasjane, bortsett frÃ¥ erfaring.

«The Secret of My Succe$s» ligg nære å vere ei forviklingskomedie, Brantley tek etterkvart på seg ei ny identitet som styremedlem i selskapet, og lurer både sjefen på postrommet og onkelen sin. Og det er i grunn det filmen handlar om, å snike seg rundt for å gjere det ein brenn for, og samtidig måtte unngå å bli avslørt.

Filmen blir så god som det er av fleire grunnar. Den har fleire relevante poeng omkring tilsetjing i jobb, sett opp mot ynskje om at ein har erfaring, og kor langt ein kan komme ved å skaffe dei rette kontaktane eller utnytte eit kaotisk system, som her er eit uoversiktleg selskap. Michael J. Fox har utstråling og ein jordnær person som får Brantley til å verke akkurat passe truleg i rolla si. Ei blanding av humor og ei historie som kan motivere, fungerer godt i lag her.

7/10

Footloose (1984)

IMDb: 5.9/10 (13,371 votes)

Ultrakonservative Bomont er helvete på jord for ungdommen. Kevin Bacon hamnar her. I rollen som den moderne rebellen med formål viser han seg dyktig med dansesko på og som myndig ungdomsstemme mot eit system gått for langt. Motstandaren John Lithgow gjer ei knallsterk rolle som usympatisk pastor. Filmen teiknar eit skummelt eksempel på overbeskyttande foreldre i eit kristenkonservativt samfunn. Ved sidan av å engasjere er det ein underhaldande ungdomsfilm, med lystige tonar, lette trinn og eit tungt «traktor-pyse-ut-løp», igjen ein Dean-referanse til ungdomsrebellen. «Footloose» var ei positiv overrasking både på behandling av tema og godt skodespel.

7/10