I tilknyting Film frå Sør var den japanske regissøren Kore-eda på Noregbesøk og likegodt ein tur innom Trondheim. Trass i at hans «Nobody Knows» var i tyngste laget for meg, tok eg turen for å sjå «Still Walking». Denne var derimot det stikk motsette, nemleg eit hyggeleg og koseleg familiedrama, sjølv med det tristare bakteppe for handlinga. Eg let meg ikkje så reint lite fascinere av magien i ei enkel familiesamling. Kore-eda, som har brukt mor si som inspirasjon til mora i filmen, har troffe godt med lengde, stemning, karakterane og resultatet er ein film du må sjå.
Også kjent som «Nodbody Knows». Ingen idyllisk film dette her. Fire søsken blir etterlatt av mora i ein leiligheit i Tokyo når ho finn seg jobb i Osaka. Eldste ungen er 12 år, og har ansvaret for å passe på dei yngre. Ingen av dei går på skule, og alle har forskjellig far.
Filmen startar ikkje sÃ¥ aller dumt, den er litt fin i starten, litt spesiell og kjekk pÃ¥ ein gong. Men nÃ¥r mora forlet ungane i starten gÃ¥r det ikkje sÃ¥ verst, men etter kvart begynnar bÃ¥de lommepengane og busituasjonen Ã¥ skrante. Det er her filmen viser sin styrke, den er veldig nærgÃ¥ande og ein blir meir og meir oppgitt etter kvart. Heile historia trykker med sin tyngde pÃ¥ skuldrene til sjÃ¥aren, og fattigdommen i den tunge filmen «Stestí» blir berre gøy i forhold.
Med sine 2 timar og 20 minutt er det ikkje til å unngå at ein kan bli litt utålmodig dette. Tempoet er veldig seint, og lyspunkta blir færre og færre. Men på denne tida klarar den å krype under huda og legge seg der, eg må innrømme at litt av den normale dagsgleden min forsvann etter å ha sett denne filmen. Det blir ikkje akkurat underholdning dette her, men ein film til ettertanke, og på det viset står det med glans.
