ness
03-Sep-2008

Vinterland (2007)

IMDb: 5.7/10 (48 votes)

«Vinterland» er fin, liten og kanskje litt rar. Det er vinterstid i Nord-Noreg og me møter kurdaren Renas som ventar på ei kone som familien hans «heime» har introdusert han for via brev og telefon.

Då kona dukkar opp er ho ikkje heilt som han såg for seg på bilda, ho er faktisk ein stor skuffelse og Renas blir både satt ut, frustrert og forbanna.

I løpet av dei 52 korte minuttane filmen varer får me sett det norske i lys av eit kurdisk sinn og me får også eit innblikk i ein kurdars kvardag, om enn i Noreg. Det blir bydd på komiske augeblikk og dramaet ligg aldri for tungt over filmen, sjølv om det er ein meir seriøs undertone.

Tittelen er både poetisk og passande til filmen, det er gjennomført vinter i bilde, det er eit kaldt land som møter Renas kone Fermesk og det er ei kulde som sit i deira forhold.

Sjølv om «Vinterland» er fin er den ikkje noko eg følte eg fekk større glede av å sjå, den går altså ikkje høgt opp på skalaen, den er derimot heller ikkje dårleg på nokon måte, men sidan den er fin på nokre måtar trekk det litt opp.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10