Rio Bravo (1959)

IMDb: 7.9/10 (11,680 votes)

Rio BravoEin time-for-time western i ein amerikansk småby, der sheriffen har teke til fange broren til byens mektige mann, og avventar marshallen i noko som blir fleire spente dagar.

Sheriffen i spissen er John Wayne, med Dean Martin, Ricky Nelson og Walter Brennan ved si side. Dei utgjer ingen team i tradisjonell westernstandard, men på alle måtar eit godt team for filmen.

Tempoet er på middels, så ved sidan av artig skyting blir det nok av humor og konfliktdrama, flotte dialogar og ein dæsj romantikk. Howard Hawks stressar ingenting når han vil framstille lovmennene i «Rio Bravo». Vante rollefigurar blir bevisst avliva med påpeikande kommentarar.

«Rio Bravo» staka ut kursen allereie i dei første bilda. Noko som førte til at eg famla litt etter ei type tydeleg historie som ikkje skulle komme, og mista litt av fokuset dei første minuttane. Både på grunn av dette, og fordi filmen rett og slett er ein veldig god film på dei fleste måtane eg kan tenke, vil det bli gjensyn med «Rio Bravo» ein eller anna gong i framtida.

8/10

The Big Sleep (1946)

IMDb: 8.3/10 (25,114 votes)

The Big SleepI «The Big Sleep» mengar Humphrey Bogart seg med det som må vere 1940-talets vakraste amerikanske skodespelarinner. Stadig flørting er ved sidan av ei innvikla drapssak hovudingrediensane her.

Eg følte meg ganske dum når eg såg på, for i «The Big Sleep» skjer det så altfor mykje til at eg klarar å få med meg alt. Litt av gleda drukna vekk i alle trådane og namna. Det er dermed ikkje sagt at eg avskydde filmen, for eg fekk sjølvsagt med meg dei viktigaste poenga, og kjemien mellom Bogie og fleire av dei ulike kvinnene er solide saker. F.eks. Lauren Bacall.

6/10

Red River (1948)

IMDb: 7.9/10 (6,100 votes)

Red RiverLitt western her i kveld, og det med store namn som John Wayne og Montgomery Clift på plakaten. Filmen er forøvrig regissert og produsert av Howard Hawks, ein mann som eg endå har tilgode å argumenter i mot. Eg nemnte forsåvidt etter å ha sett «Scarface» at Hawks var ein mann eg hadde null problem å leite opp igjen seinare.

I «Red River» møter me Thomas Dunston (John Wayne), ein mann som gjer ting på sin måte og ikkje er vits å prøve å overtale til å endre meining. Besatt på å blir stor på kvegdrift gjennomfører han målet sitt, men det er dårleg etterspurnad på kveg i Texas-traktene. Han bestemmer seg difor for å drifte kveget 1000 miles gjennom tøff natur og indianarland, i mot alle sine oppfordringar om å la vere.

Dette er stort sett filmen. Ikkje mykje skal til for å tenke seg til at det blir trøbbel av ulik karakter på vegen. Trøbbel og ein solid dose testosteron. Altså med menn som er tøffe og har pistolar. Filmen er heller ikkje blotta for psykologien. Påkjenningane kan følast frå gruppa som driv kveget, i eit breidt spekter som gjer denne sida av filmen alt anna enn monoton.

Tøff i massevis. Ei god framstilling av menn under press. John Wayne. Osv. Eg trur eg har fått fram poenget mitt, dette fall sjølvsagt i smak.

7/10

Scarface (1932)

IMDb: 7.9/10 (4,238 votes)

ScarfaceSei «Scarface» og dei fleste tenker på Al Pacino som narkobaronen Tony Montana i Brian De Palmas 1983-film. Men «Scarface» er opprinneleg kallenamnet på den berykta Chicago-gangsteren Al Capone, som nettopp hadde eit kutt i ansiktet.

Howard Hawks har regissert plenty av gode filmar i løpet av karrieren sin, altfor mange eg ikkje har sett (endå). «Scarface» frå 1932 er nok ein av dei gode og er laust basert på Al Capone sine handlingar. Rykta seier at mannen likte filmen så godt at han kjøpte ein eigen kopi.

Filmen følger Antonio «Tony» Camonte (Paul Muni) frå småkriminell til dei høgare posisjonar i den organiserte kriminaliteten, som styrer den ulovlege importen av alkohol i form av øl. Mange kjempar om å bli president i sosialklubben etter den forrige blei henretta, og det er oppi dette Tony styrer på.

Det flotte med eldre krimfilmar er at dei ikkje går rundt grauten med meiningslause avstikkarar eller tomme bilder, om det alltid føles så naturleg er ein anna diskusjon, men så er jo dette film. Paul Muni serverar ei fargerik tolking av Tony som stadig utover filmen overraskar av å vere både menneskeleg og nådelaus. Filmen blei opprinneleg ferdigprodusert i 1930, men på grunn av denne glorifiseringa blei den stoppa av sensorane og kom ikkje før to år seinare.

Etter no Ã¥ ha sett nokre av filmane til Howard Hawks; «His Girl Friday» og «Scarface» — og likt begge, tenker eg det er pÃ¥ tide Ã¥ sette seg meir inn i denne fasinerande regissøren. BÃ¥de via screwballkomedie og western.

7/10

His Girl Friday (1940)

IMDb: 8.0/10 (9,430 votes)

His Girl FridayKatakombefilm nr. 3 var laurdagens andre listejag (les: IMDb top 250) og ein screwballkomedie med Cary Grant og Rosalind Russell, m.fl.

Tidleg komedie er ikkje filmtypen eg er ivrigast etter å få sett, men denne hadde eg veldig lyst å sjå, og vart veldig glad når den dukka opp på filmprogrammet.

Men, eg var heller ikkje skuffa etterpå, for dette var ein god komedie med nok av raske replikkar.

6/10