Filmdagbok
ness
26-jun-2008

Gone with the Wind (1939)

User Rating: 8.1/10 (56,091 votes)

Den har blitt kalla prototypen på blockbusterfilm, stod ubeseira på Oscarfronten med 8 belønningar i 20 år, skal visstnok vere filmen med mest solgte billettar i USA og ligg på dei fleste prestisjetunge topplistene (AFIs mellom anna). «Gone with the Wind» har definitivt satt sine spor i filmhistorien.

På grunn av lengda er ikkje dette ein film som ein kan sette seg ned med ein kva som helst dag, eg måtte like greitt dele den på midten og ta delen etter intermission dagen etter, noko som kan ha virka inn i positiv eller negativ retning, men når eg lot meg forføre til den grad eg gjorde så spelar ikkje dette noko rolle.

«Gone with the Wind» fortel historia om den rike og bortskjemte sørstatsjenta Scarlett O’Hara (Vivien Leigh) som veks opp til å bli ei kvinne under den amerikanske borgarkrigen. Filma i nydelege technicolor, sterke, klare fargar og sylskarpt bilde i denne samanhengen. Historien som blir fortalt over mange år er drama av ypperste slag, det involverar veldig mykje kjærleik kombinert med kjærleik, satt tidsvis i eit krigsprega miljø forsterkast kjensla av håplausheit.

Grunnen til at dette gjekk vel i hamn hjå meg var nok at eg er ein sucker etter drama med sterke karakterar, gjerne pene, og helst med ei form for kjærleikshistorie knytt til, iallfall når det er snakk om ein film som dette. At det finst mykje dårleg på område er ikkje til å komme utanom, men eg skal ikkje drøye meir på det her. Eg blei aldri dratt heilt inn i handlinga på den måten som kjenneteiknar dei ultimate filmopplevingane, men hang godt med heile vegen og synst det var ei interessant historie.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
14-jun-2008

Åppsmmering film meg synst god

Mykje film eg ikkje har skrive om her i det siste, rett og slett fordi eg er doven og heller vil fokusere energien min på filmar som vekke skrivelysten min, greitt nok, sant? Det betyr ikkje at eg har styrt unna filmmediumet i det siste, tvert i mot, skulefri og fri før sommarjobben trår i gong har gjort at eg siste vekene har fått ein ny giv for filmsjåing.

There Will Be Blood (2007, Anderson)

Belønna med Oscar, stabil på IMDb top 250 (innan topp 100) sidan lanseringa, det var ingen måte eg kunne styre unna denne på. Når eg i tillegg kom over ei bildesamanlikning med «Giant», ein anna film om olje eg nyleg kom over (også denne Oscarvinnar), så gjekk eg hardt inn for å sjå den. Eg blei heller ikkje skuffa, sjølv om likheitene med «Giant» er av overfladisk natur, «There Will Be Blood» er ein sterk film med lite dialog, mykje musikk og flotte bilde. I blant litt for mykje musikk, men fortsatt stemningsfull. Den taklar tidshopping bra og fortel historien på ein interessant måte.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

In the Heat of the Night (1967, Jewison)

Denne stillte eg heilt blank til, kanskje difor den overraska så positivt som den gjorde. Her er ei perfekt blanding av raseproblematikk, politi- og krimfilm og sterke rollefigurar. Samspelet (eller motspelet!) mellom Sidney Poitier som Det. Virgil Tibbs og Rod Steiger som Police Chief Bill Gillespie er i øverste klasse, her er samtidig ei utvikling med at spenninga desse to i mellom aldri dør ut. Solbrillene til Gillespie og den stadige tygginga av tyggis tilfører filmen noko udefinerbart, men tøft. At opphaldet til Tibbs alltid ligg på kanten til å opphøyre gjer at heller ikkje omstendigheitene føles kunstig forlenga. Måten kriminalforskinga blir utført på i små porsjonar som den blir gjer at eg heile tiden ønsker å følge med vidare. Alt klaffar med denne.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Frankenstein (1931, Whale)

At eg ikkje har sett denne før no vitnar om at eg stygt slaurete, ein så stor rolle som «Frankenstein» har spelt for både science fiction og skrekk gjer den til obligatorisk i filmkanon, om eg skal få smøre tjukt på. Det held nok sikkert å lese boka også, men med denne klassikaren valgte eg filmen. Historien er så kjent at dei fleste må ha komme forbi den i ei eller anna tolkning, eg har f.eks. lese ei i Donald Pocket. Her har du professor Frankenstein som skapar liv frå dødt legeme, og der denne skapningen, kjent som Frankensteins monster, går i mot skaparen sin. Tematikken er sentral i uendelege mange filmar i ettertid, bl.a. «The Matrix», «Terminator» o.l. «Frankenstein» er rimlege rett fram, men svært effektfull og ein utruleg fin film på mange måtar. Den får i stor grad fram tragedien i det heile og blir aldri tom monsterskrekk.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Futurama: The Beast with a Billion Backs (2008, Avanzino)

Siste tilskot i «Futurama»-rekka, andre av totalt fire planlagte filmar. Ikkje like god som forrige, men fortsatt fullt ut i «Futurama»-ånd. Stappa med humor i detaljform og på høgare plan. God underholdning, men også halvhjerta i mange deler.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Be Kind Rewind (2008, Gondry)

Slapp i starten, så lenge at det går ut over heilheitsinntrykket. Forbi kneika er denne derimot sjarmerande og varm, humorfyllt og Gondry tvers i gjennom. Jack Black er i sitt ess mens Mos Def verken er det eine eller andre. Eg sit igjen med ein god følelse, men som sagt skuffa over det seige starten.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Definitely, Maybe (2008, Brooks)

I grunn ein ganske fin romantisk komedie der rammehistoria er det som trekk ned, iallfall første halvdel av filmen, etter kvart går også denne delen seg til. Ryan Reynolds gjer ein hovudsakleg bra nok rolle, men for meg blir det Isla Fisher som stikk av med pokalen, ho tilfører eit mål for filmen som gjer at eg klarar å engasjere med nok i handlinga.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
23-mai-2008

Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull (2008)

User Rating: 8.6/10 (3,595 votes)

«Iron Man» opna blockbustersesongen, men det ser ut til at «Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull» (heretter «Indy 4») er den første det er interesse for på skrytenivå, for det første er det ein oppfølger, for det andre er det Indiana Jones, for det tredje er det ein film folk aldri trudde ville komme før Lucas og Spielberg overraska folk med planane - dette igjen gjer det til ein film som på mange måter MÅ sjåast, føler mange. Sjølvsagt har eg ingenting å begrunne utsagnet mitt med, så la oss berre godta dette for denne gong.

Den fjerde filmen i rekka har satt handlinga til 1957, ein periode for atomprøvesprening i Nevadaørken, utfrysing av påståtte kommunistar i det amerikanske samfunnet og trusselen russarane sjølv var i den kalde krigen. Vår venn Indiana Jones er blitt gammal gubbe, like gammal som Harrison Ford omtrent, og Lucas/Spielberg har sett sitt å hente inn yngre blod i form av Shia LaBeouf som blir Fords sidekick utover.

Etter ein noko sløv start, lang også, der filmen brukar evigheiter på å introdusere oss til svært lite og der både humor og spenning blir lite moro og lite spennande, tek «Indy 4» seg etterkvart opp. Sånn ca halvveges i filmen begynnar eg å merke at dette faktisk er gøy, dette er så langt ut i filmen at den eviglange introduksjonen er ferdig og det er duka for fart og fullt køyr resten. Mykje av dette er langt over toppen av kva som eigentleg er nødvendig, eg siktar då spesielt til filmens siste parti, men eg storkosar meg og tek inn alt som skjer som den påkosta underholdninga det er meint å vere.

Dette sagt, første del av filmen har noko for seg, blant anna nokre fine referansar til ungdomsfilmen anno Marlon Brandos ungdomstid, og det heile ser ganske lekkert ut. Greia er at ingenting grip meg umiddelbart i opningen som eg hadde ønska, det mangla rett og slett magi. Men så kjem den fantastisk artige spenningsdelen etter kvart og skyv alle desse tankane lengre bak. Eg sat igjen med ei fin kjensle etter filmen var ferdig.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
25-mar-2008

Hollywoodhelt James «Jimmy» Stewart

James StewartJames Stewart, kjent for mange som Jimmy Stewart, filmikon gjennom Hollywoods gullalder og ein av mine favorittskodespelarar i eldre filmar. Oscarnominert fem gonger, vann som mannleg hovudrolle for «It’s A Wonderful Life» og mottok æreprisen i 1985, dette seier litt om klassen han stillte i. Har du ikkje sett ein film med James Stewart så har du gått glipp av noko, mannen har sterk karisma og viser seg som ekte i rolle etter rolle. Eg har berre sett ein brøkdel av det han har vore med i og kan umogleg vite om alt står til gull, men dei tre godbitane eg her har sett gir grunnlag for skryt.

Rope (1948, Alfred Hitchcock)

Rope«Rope» er kanskje mest kjent for sitt inntrykk av å vere ei einaste lang tagning, den observante vil legge merke til overgongane, men kan ikkje nekte for at det er imponerande filming og speling. Akkurat som å sjå teater på film, men for min del imponerar det ekstra då både det tekniske som kameraføring og lys må vere klart og skodespelarane må stå klar for nærbilde, og måten kamera er planlagt til å fange opp det viktigaste. Alfred Hitchcock har hatt med dyktige folk å gjere, Jimmy kjem seint inn i bilde etter me gjennom dei andre tilstadeverande har fått danna oss eit godt inntrykk av personen rollefiguren hans er, eit inntrykk han lev godt opp til. Sånn elles er dette ein snakkefilm av typen eg set pris på, men den mangla litt spiss. I små periodar er det lite engasjerande, og ingenting overgår sjølve ideen. I forhold til forventingane var det ein liten skuffelse, men filmen er fortsatt god.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

The Man Who Shot Liberty Valance (1962, John Ford)

The Man Who Shot Liberty Valance (1962)James Stewart, John Wayne og Lee Marvin, for eit stjerneteam. Stewart spelar nyutdanna advokat som kjem frå siviliserte aust til Shinbone i vest, han møter trøbbel i form av Lee Marvins Liberty Valance allereie før han når byen. I Shinbone er alle, utanom ein, redde for Valance, som herjar både by og omegn med den notoriske banden sin. John Wayne som Tom Doniphon er Mannen Med Mot og viser stor dyktigheit med revolvaren i handa. Advokat Stoddard har tross møte med Valance fortsatt den nesten naive trua på det amerikanske rettsvesen i behold, og eg trur på han etter å ha sett Jimmy stå for denne karakteren i den fantastiske «Mr. Smith Goes To Washington». «The Man Who Shot Liberty Valance» handlar forutan det opplagte om to sterke, men vidt forskjellige menn, deira møte, deira kamp for ei frøkens hand og deira kamp for rettferdigheit. Ingenting spesifikk å utsette på denne, magekjensla landa på ein 8ar. God film.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

The Philadelphia Story (1940, George Cukor)

The Philadelphia Story«The Philadelphia Story» er ein lystig film om journalisme, bryllaup, kjærleik og personleg økonomi, blant anna. Det handlar om menneske som ikkje nødvendigvis står for handlingane dei er nødt til å utføre, og det er frå første stund klart at bryllaupet eg hinta til vil vere noko utanom det vanlege. Cary Grant, Katharine Hepburn og vår eigne Jimmy er dei tre viktigaste i denne romantiske komedien som veit å blir meir enn overfladisk vissvass. Handlinga er passe innvikla til at eg unngår ei oppsummering her for å spare lengda, men det involverar altså journalisten (Stewart), dama som skal gifte seg (Hepburn) og eks-mannen hennar (Grant), møte mellom desse med fleire opnar gradvis for sjølvinnsikt for personar som trudde dei hadde funne sin plass i livet, dette er komisk forviklande og ikje minst subtil, mykje takka vere gode skodespelarprestasjonar. Etter å ha sett skodespelarane i andre filmar tidlegare forventa eg for mykje denne gongen, eg sat med følelsen av at det kunne ha vore endå betre, så toppkarakteren uteblir. Likevel…

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
11-mar-2008

The Ox-Bow Incident (1943)

User Rating: 8.3/10 (5,232 votes)

The Ox-Bow Incident (1943)I ein stille og kjedeleg liten by der folk gjer lite anna enn å sove, drikke, ete, spele poker og sloss, skjer det ein dag at eine rancheigaren blir skoten. Sheriffen er bortreist og ivrige som mannfolka i byen er når det først har skjedd noko, blir det oppstyr om kva som skal gjerast. Her er det menn som talar godt for å følge lova, mens andre er ute etter det dei kallar effektiv rettsgong og vil jakte etter gjerningsmannen på eigne premiss.

«The Ox-Bow Incident» har ikkje ein viktig hovudrolleinnhavar, sjølv om Henry Fonda kan skilte med nok skjermtid og namnet sitt øverst på lista er det den samla gruppa med mannfolk (og ei kvinne) som utgjer filmen. Denne gruppa kan delast inn i for lynsjing, for rettsak og dei som diltar etter.

Det som gjer filmen både interessant og spennande er dei stadige diskusjonane om kva som er rett og feil, ev. kva som bør gjerast og ikkje. Motpolane er alltid tilstades, men når ein trekk fram det mest sentrale avgjersleorganet innan demokratiet, fleirtalet, så får ein likevel ein form for justis i justismordet. Eg vil ikkje spekulere for mykje på dette, men trekke fram at sjølv om ein nok sit med kjensla av kva som er rett og urett så har begge partane gode argument som gjer dette spennande angåande både utfall og kva som vil skje undervegs. Sjølv om det er motpartar så er byen samla.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
05-mar-2008

Kosmorama 2008 dag 6

Akkurat då eg trudde eg var ferdig med Kosmorama etter ei lang helg, pressa eg inn to nye filmar på ein tysdags kveld. Og for nokre filmar!

Once (2006, Carney)

OnceDenne er vel strengt tatt verken ny eller spesielt ukjent, Oscar har den fått òg - for beste song komponert for film. «Once» leverar ei fin historie om gatemusikanten som møter blomsterselgaren og utviklar eit tett vennskap på grunnlag av musikalske interesser og ei felles forståelsesplattform av såre følelsar. Songane, som ein av mange sterke sider ved filmen, formidlar denne sårheita og gir meg tidvis (gode) frysningar oppover ryggen. Lågbudsjett som dette er ($160.000), har ikkje verdens beste kameraustyr blitt brukt, den aldr meir enn greie bildekvalitet blandar godt med amatørisk kameraføring som har blitt utnytta i redigeringsrommet, det passar så godt til handlinga at .. at .. at, ja. Unødvendig å sei, eg likte «Once», som har eit skodespelarpar med kjemi og at den går under huda på ein god måte. Morsom kan den vere i blant, men avstår frå brølarlatteren.

Assembly (2007, Feng)

AssemblyVit at det er snakk om regissøren bak «The Banquet» som også står bak denne. Han har gripe tak i ei stykke kinesisk borgarkrigshistorie frå 1948 og gir oss ei sterk, grafisk krigsforteljing i filmens første del, som går over i eit rolegare krigsveterandrama i andre del. Faren her var at heftige krigsbilder kunne komme i overtal i starten, med eit par små pausar mellom kampar som forklarar godt kva som står på går det derimot bra. Den andre faren var at andre del av filmen kunne bli for roleg etter massiv budsjettpengebrenning på det råaste eg har sett av krig på film, men også her klarar «Assembly» å styre handlinga med stø hand og ta oss med på ei tidsreise som aldri gir forhåpningar til at filmens slutt er nær, fordi det er så bra. Om eg hadde sett denne i heimen på DVD kan det godt hende eg hadde meint noko anna, men på kino er dette storvegs og det perfekte motstykket til «Once» for variasjon i festivalprogrammet, for som eg hinta til innleiingsvis med «The Banquet» er dette verkeleg velprodusert, denne gongen utan å miste taket på karakterane sine som midtpunkt.

 
ness
08-feb-2008

American Gangster (2007)

User Rating: 8.2/10 (47,140 votes)

American GangsterFørst og fremst vil eg stadfeste mitt forhold til Ridley Scott som regissør, eg har med god grunn danna meg eit inntrykk av at enkelte tilber han for blant anna «Blade Runner», «Gladiatoren» og «Alien». Gode filmar, det må eg få påstå, men eg har vanskeleg med å favorisere mannen som også har laga «Black Hawk Down» og «Kingdom of Heaven». Det går stort sett i å finne fram til resten han har laga med ope sinn og ta det som ein kva som helst film, slik gjorde eg med «American Gangster».

Oscarnominasjonar (to i talet), IMDb Top 250-plassering (alt som før eller seinare er innom her i meir enn eit par veker er interessant nok), 79% på Rotten Tomatoes (som tross namnet betyr graden av friskheit blant etablerte amerikanske avisers anmeldarar). Dette er enkle poeng å strø rundt, men i blant er grunnen for å sjå ein film så enkel for min del.

«American Gangster» kan grovt delast inn i to parallellar, der Denzel Washington på si side har føtene i narkotikamiljøet har Russell Crowe har sine i politiet. Basert på den sanne historia om framgongen til Frank Lucas og den respektive etterforskinga leia av Richie Roberts, forventa eg som opningsteksten hinta til ei handling med rot i verkelegheita.

Am. GangsterFilm skal helst gi litt ekstra synst no eg, det gjer «American Gangster» godt, eg hadde likevel ikkje forventa meg at den skulle gå så grundig til verks med detaljane heilt i frå starten av, noko som førte til at den første stunda gjekk tungt for seg. Etterkvart kom eg på betre tankar, då eg eigentleg ikkje hadde noko å utsette på det som blei gjort og stykka byrja forme eit større bilde, kom eg til ro med at lengda strekker seg til oppunder 3 timar. Her ligg styrken til «American Gangster», viss tittel kan by på forventingar til litt av kvart, faktisk fortel historia til ein amerikansk gangster på grundig vis og gjer seg fortent til tittelen. Her blir alle korta lagt på bordet etter kvart, så mange at du klarar å halde styr på dei utan å sovne pga. manko.

Am. Gangster 2Eg må innrømme at eg ikkje fulgte alt som skjedde i starten, kvifor får Richie Roberts kritikk for å vere ein eksemplarisk politimann? Svaret gav seg etter kvart. «American Gangster» kan virke som den hastar med einskilde småting i blant, bevisst gjort, før den kjem tilbake med ei forklaring seinare. At handlinga finn balansen i å dramatisere forutan å overdramatisere gjer at det blir lagspel mellom stempelet «basert på ei sann historie» og handlinga.

Alt i alt er «American Gangster» ein god film, det er vanskeleg å be om meir, forutan at den er lang - 3 timar er uansett innhold i lengste laget, er det smak og behag - sjangerføretrekking - som spelar inn på siste grunn. Eg sluker det meste eigentleg, har få fordommar (har me ikkje alle det i vår sjølvbilde?), men må innrømme at det skal litt ekstra til for krimfilm basert på sanne hendingar å utmerke seg i boka mi. 8 bør jaggu meg vere bra nok!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
02-feb-2008

Ran, drap og lastebilkøyring

The Killing (1956, Stanley Kubrick)

The KillingKvar Stanley Kubrick film byr på noko nytt mot resten, enten det er sjanger eller kompleksiteten til den fortalte historia. «The Killing» er ein heistfilm, som vil sei at det handlar om eit ran, nøye planlagt og detaljert forklart. Den tek for seg dei menneskelege sidene ved planen med omhug, ingen plan er perfekt då folk kan vere uforutsigbare, men ein god plan er fleksibel nok til å kunne hanskast med enkelte feilgrep. «The Killing» er ganske rett fram fortalt og byr ikkje på avstikkarar, fokuset og kompaktskapen gjer at dette fungerar og er spennande nok når det varer.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Shadow of a Doubt (1943, Alfred Hitchcock)

Shadow of a Doubt (1943)Hitchcock skuffar sjeldan, «Shadow of a Doubt» hamnar litt nedpå lista mi i kamp mot dei andre filmane hans, men er utvilsomt ein god film. Familien Newton får besøk av favorittonkel Charlie, spesielt vesle Charlie (jente i dette tilfelle) ser opp til onkelen sin. Ho påstår dei har eit telepatisk bånd, nesten som to tvillingar. Men onkel Charlie har ei mørk side. Så gradvis at du aldri legg merke til det forandrast idyll til mareritt, filmen er fullspekka med detaljar som frampeikarar og byr på spenning så vel som gledesstunder. Naturleg nok er vesle Charlie prega av dette. Gjennomførelsen med utspekulerte kameravinklar og få ord om den faktiske handlinga gjer dette endå meir til ein sjåverdig film.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Le Salaire de la peur (1953, Henri-Georges Clouzot)

Wages of FearTo lastebilar med nitroglyserin skal fraktast frå A langs B til C. A er ein roleg avsidesliggande landsby i Sør-Amerika med fleire arbeidsledige franskmenn, B er ein dårleg landeveg med mange ulumskheiter, C er ein oljebrønn i brann. Forspelet byr ikkje på det heilt store, roleg og handlingslaus som delen er, men den er med på å gi kontrastar til nervepirringa i B-delen av filmen, som må seiast å vere blant dei mest spennande bilturane eg har opplevd på film. Eit par logiske bristar (kvifor rygge så langt ut på stillaset?) bryr meg lite, god nok film, og så veldig alvorleg i blant óg! For dei som er usikre, det er filmen med internasjonal tittel «The Wages of Fear» eg snakkar om her.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
14-jan-2008

Juno (2007)

User Rating: 8.4/10 (18,740 votes)

JunoRoger Ebert kåra «Juno» til årets beste film for 2007. Den respekterte, amerikansk filmkritikaren har tidvis skrytt hemningslaust over filmar eg ikkje har hatt den største gleda med, men når det gjeld «Juno» har han eit poeng. Hadde eg sett denne før det nye året satte inn hadde den sanneleg skulle fått ein plass på mi toppliste likedan. Om ikkje dette luktar skryteinnlegg nok så kan eg godt bekrefte at det er, først som sist.

«Juno» er ein dramakomedie om ei 16 år gammal jente som blir gravid, ufrivillig. I hovudrolla finn me kanadiske Ellen Page - den vesle tøffe jenta frå «Hard Candy», på overflata er ho ganske henslengt til tanken om at ho over 9 månader vil bli større og større, ho er då likevel ikkje av typen som gir faen i alt, sjølv om ho gjerne vil framstå slik, for spesielt interesserte kan eg trekke parallellar til personlegheita Lindsay i «Freaks and Geeks» innehar. Page er intet mindre enn perfekt, verken for slapp eller anspent i spelestilen, ho får hjelp frå ansikt som bl.a. Michael Cera («Superbad»), Jason Bateman («Arrested Development»), Jennifer Garner («Alias») og J. K. Simmons til å komplettere skodespelsida av filmen. Dei tre siste har ikkje alltid overbevist i tidlegare filmar, her er det tydeleg gjort ein god jobb i å tilpasse manuset eller finne dei rette folka.

Jason Reitman, regi og Diablo Cody, manus, har laga ein film som er smårar og koseleg, tilgjengeleg og lettfordøyeleg, alvorleg og veldig aktuell, utruleg morosam og rørande. Fjorårets «Knocked Up» tok også for seg uønska graviditet og blei ein av årets beste komediar, «Juno» klarar å berøre mange fleire sider på halvtimen mindre og framstår som ei perfeksjonering av typen seriøst vinkla komedien.

Dessutan, det er alltid eit godt teikn når ein har lyst å sjå filmen igjen før den er ferdig. Når daglegdagse gjeremål frukostlaging i microbølgeomnen får ein til å smile av pur glede for måten kamera og klypping jobbar i lag på. Når du tenker at Michael Cera er den nye helten fordi han går med oransje pannebånd og eigentleg aldri utfører store heltebragder. Når du kan lese tankane til ei jente gjennom at ho løftar tungt, røyker pipe og syklar, utan at filmen gjer eit stort nummer av å gjere dette eksplisitt (Slik går mykje av filmen, der bilde og tale gjerne jobbar på eiga hånd når dei ikkje går direkte i lag). Når ein har lyst å sei ALT om filmen, men innser at det aldri vil vere mogleg å gi ei beskrivelse verdig, der berre ei sterk anbefaling er godt nok.

Premieredatoen er satt til fredag 8. februar (endringar kan skje, då sist eg sjekka denne var 1. februar).

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
27-des-2007

Haggiskræsj og Tex-Mex for unge

Dagens dobbel på 3. juledag bestod av ein lenge utsatt film og ein ikkje fullt så lenge etterlengta film, begge med visse forventingar knytta til seg. «Crash» har hausta gullmenn og virka generelt godt likt (IMDB), men har blitt utpeikt som oppskrytt fjaseri i andre kretsar, noko som blant anna har gjort at eg lett har prioritert andre filmar framfor den. «No Country for Old Men» kasta eg meg derimot over så sant eg fekk sjansen …

Crash (2004, Paul Haggis)

CrashEtter å ha sett tre filmar av Iñárritu har eg minst ein fot innanfor moderne historiemiks, der skjebnane til utvalte folk i meir eller mindre grad kryssast i eit satt miljø, gjerne ein by, og deler tema. «Crash» prøver ikkje å dekke til temaet, som er rasisme, på nokon smart måte, Paul Haggis legg heller ikkje skjul på at han tek eit standpunkt. Folka som utgjer persongalleriet er blant anna farga politi, kvit politi, rike kvite og fattige, kriminelle svarte. Dette er personar som sjansen er stor for at du har sett like av andre stader tidlegare, så det tek kort tid å komme inn bak personane. Haggis utfordrar ikkje publikummet sitt spesielt når det gjeld karakterutvikling, det går i stor grad slik som ein forventar, fleire av personane blir flate og kjedelege i lengda, andre møter til meir glede alvoret i augene og er med på å levere nokre sterke scener. Saman med ei tydeleg (politisk) stemme trekk dette opp for inntrykket mitt omkring filmen, som elles druknar litt i mange store skodespelarnamn og ei (torer eg sei …) standard kryssa trådblanding.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

No Country for Old Men (2007, Ethan og Joel Coen)

No Country for Old Men (2007)Coens har samla mellom anna Tommy Lee Jones og Josh Brolin for denne brutale skildringa av dei skitne sidene til Texas. Ei historie som vanskeleg let seg oppsummerast blandar inn pengar og ein (u)heldig finnar, ein psykopat, politimannen som ser ut til å ha opplevd verre før, støv og blod. Miljøet (Texas, småby og storslått ørken) og rollefigurar utgjer til tider ein veldig bra film, med ekstra trykk på ordet film, då det ikkje virka å vere lagt vekt på ei skildring av tankar og indre psyke så mykje som at ting skjer, noko eg er redd eg kan ta frykteleg feil ved å påstå. Det er gitt rom for mange originale idear, der ein med vilje blir ført bak lyset av Ethan/Joel. Siste kvarteret eller så raknar det diverre litt, då den gode strukturen løysnar og ei rekke forsøk på å gjere opp trådane snublar litt i seg sjølv. Som med «Crash» er det her nokre scener som får det til å gå kald oppover ryggen på ein, psykopaten sjølv (Javier Bardem) er direkte skummel og ei fin framstilling av det onde.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10