Filmdagbok
ness
14-jan-2008

Juno (2007)

User Rating: 8.4/10 (18,740 votes)

JunoRoger Ebert kåra «Juno» til årets beste film for 2007. Den respekterte, amerikansk filmkritikaren har tidvis skrytt hemningslaust over filmar eg ikkje har hatt den største gleda med, men når det gjeld «Juno» har han eit poeng. Hadde eg sett denne før det nye året satte inn hadde den sanneleg skulle fått ein plass på mi toppliste likedan. Om ikkje dette luktar skryteinnlegg nok så kan eg godt bekrefte at det er, først som sist.

«Juno» er ein dramakomedie om ei 16 år gammal jente som blir gravid, ufrivillig. I hovudrolla finn me kanadiske Ellen Page - den vesle tøffe jenta frå «Hard Candy», på overflata er ho ganske henslengt til tanken om at ho over 9 månader vil bli større og større, ho er då likevel ikkje av typen som gir faen i alt, sjølv om ho gjerne vil framstå slik, for spesielt interesserte kan eg trekke parallellar til personlegheita Lindsay i «Freaks and Geeks» innehar. Page er intet mindre enn perfekt, verken for slapp eller anspent i spelestilen, ho får hjelp frå ansikt som bl.a. Michael Cera («Superbad»), Jason Bateman («Arrested Development»), Jennifer Garner («Alias») og J. K. Simmons til å komplettere skodespelsida av filmen. Dei tre siste har ikkje alltid overbevist i tidlegare filmar, her er det tydeleg gjort ein god jobb i å tilpasse manuset eller finne dei rette folka.

Jason Reitman, regi og Diablo Cody, manus, har laga ein film som er smårar og koseleg, tilgjengeleg og lettfordøyeleg, alvorleg og veldig aktuell, utruleg morosam og rørande. Fjorårets «Knocked Up» tok også for seg uønska graviditet og blei ein av årets beste komediar, «Juno» klarar å berøre mange fleire sider på halvtimen mindre og framstår som ei perfeksjonering av typen seriøst vinkla komedien.

Dessutan, det er alltid eit godt teikn når ein har lyst å sjå filmen igjen før den er ferdig. Når daglegdagse gjeremål frukostlaging i microbølgeomnen får ein til å smile av pur glede for måten kamera og klypping jobbar i lag på. Når du tenker at Michael Cera er den nye helten fordi han går med oransje pannebånd og eigentleg aldri utfører store heltebragder. Når du kan lese tankane til ei jente gjennom at ho løftar tungt, røyker pipe og syklar, utan at filmen gjer eit stort nummer av å gjere dette eksplisitt (Slik går mykje av filmen, der bilde og tale gjerne jobbar på eiga hånd når dei ikkje går direkte i lag). Når ein har lyst å sei ALT om filmen, men innser at det aldri vil vere mogleg å gi ei beskrivelse verdig, der berre ei sterk anbefaling er godt nok.

Premieredatoen er satt til fredag 8. februar (endringar kan skje, då sist eg sjekka denne var 1. februar).

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
27-des-2007

Haggiskræsj og Tex-Mex for unge

Dagens dobbel på 3. juledag bestod av ein lenge utsatt film og ein ikkje fullt så lenge etterlengta film, begge med visse forventingar knytta til seg. «Crash» har hausta gullmenn og virka generelt godt likt (IMDB), men har blitt utpeikt som oppskrytt fjaseri i andre kretsar, noko som blant anna har gjort at eg lett har prioritert andre filmar framfor den. «No Country for Old Men» kasta eg meg derimot over så sant eg fekk sjansen …

Crash (2004, Paul Haggis)

CrashEtter å ha sett tre filmar av Iñárritu har eg minst ein fot innanfor moderne historiemiks, der skjebnane til utvalte folk i meir eller mindre grad kryssast i eit satt miljø, gjerne ein by, og deler tema. «Crash» prøver ikkje å dekke til temaet, som er rasisme, på nokon smart måte, Paul Haggis legg heller ikkje skjul på at han tek eit standpunkt. Folka som utgjer persongalleriet er blant anna farga politi, kvit politi, rike kvite og fattige, kriminelle svarte. Dette er personar som sjansen er stor for at du har sett like av andre stader tidlegare, så det tek kort tid å komme inn bak personane. Haggis utfordrar ikkje publikummet sitt spesielt når det gjeld karakterutvikling, det går i stor grad slik som ein forventar, fleire av personane blir flate og kjedelege i lengda, andre møter til meir glede alvoret i augene og er med på å levere nokre sterke scener. Saman med ei tydeleg (politisk) stemme trekk dette opp for inntrykket mitt omkring filmen, som elles druknar litt i mange store skodespelarnamn og ei (torer eg sei …) standard kryssa trådblanding.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

No Country for Old Men (2007, Ethan og Joel Coen)

No Country for Old Men (2007)Coens har samla mellom anna Tommy Lee Jones og Josh Brolin for denne brutale skildringa av dei skitne sidene til Texas. Ei historie som vanskeleg let seg oppsummerast blandar inn pengar og ein (u)heldig finnar, ein psykopat, politimannen som ser ut til å ha opplevd verre før, støv og blod. Miljøet (Texas, småby og storslått ørken) og rollefigurar utgjer til tider ein veldig bra film, med ekstra trykk på ordet film, då det ikkje virka å vere lagt vekt på ei skildring av tankar og indre psyke så mykje som at ting skjer, noko eg er redd eg kan ta frykteleg feil ved å påstå. Det er gitt rom for mange originale idear, der ein med vilje blir ført bak lyset av Ethan/Joel. Siste kvarteret eller så raknar det diverre litt, då den gode strukturen løysnar og ei rekke forsøk på å gjere opp trådane snublar litt i seg sjølv. Som med «Crash» er det her nokre scener som får det til å gå kald oppover ryggen på ein, psykopaten sjølv (Javier Bardem) er direkte skummel og ei fin framstilling av det onde.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
26-des-2007

The Great Dictator (1940)

User Rating: 8.3/10 (21,108 votes)

The Great Dictator (1940)Sir Charles Chaplin Jr. markerte overgongen frå stumfilm til lydfilm relativt seint, når han i 1940 kom med krigssatira og parodien på Adolf Hitler og det tredje riket i «The Great Dictator». Likheiten til Hitler er i blant skremmande, Chaplin er som kjent både liten og med signaturbarten sin og luftige knickers er det tøft å sjå han trå inn i ei rolle som etterliknar ondskapen sjølv. For å få komedien til å virke spelar Chaplin også ein jødisk frisør, som for å kunne bli hylla som helt og samtidig få skrytet for å portrettere den grusomme fienden.

Ved å ta opp diktatur, folkeundertrykking og krig som tema gir Chaplin god grunn til både drama og komedie, der gesturar gjerne knytta til slapstickhumoren i stumfilmen får variere med glimrande babbel eller sterke monologar besatt av meiningar med gode intensjonar. Av babbel er tulletysken til diktator Adenoid Hynkel eigentleg veldig simpel, med ord som wiener og sauerkraut i ei rekke av uforståeleg nonsens, men det gjer susen - Chaplin viser seg å bere ei kraftig stemme, god til Hitlerparodierte talar.

«The Great Dictator» er med sine 2 timar ein lengre film, etter å ha sett Chaplin før og vore glad med det var eg likevel småskeptisk til om dette kunne halde over så lang tid. Blandinga av drama, komedie og krig viser seg å vere det perfekte område for Chaplin sitt utløp for politisk engasjement og komiske talent, der han med tale kan strekke ut historia ved sidan av flotte bilderekker eg ser for meg lett kunne ha blitt gjort i stumfilmsamanheng.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
22-des-2007

It Happened One Night (1934)

User Rating: 8.3/10 (14,755 votes)

Clark GableKvinne rømmer frå far, mann møter kvinne, kvinne mislikar mann, mann og kvinne slår følge frå Miami til New York. Clark Gable er journalisten og Claudette Colbert er nyheitsverdien som møtes tilfeldig på ein buss, den eine på veg heim til ein jobb som ikkje lenger er hans, den andre på flukt frå ein overbeskyttande far. Historien er klassisk, to rake motsetningar er bestemt til å hamne i kvarandre sitt selskap, uansett kor mykje dei på ulike tidspunkt har noko i mot kvarandre.

Handlingsforløpet byr ikkje på nokon overraskelsar så det var sagt, nok ein gong handlar det om utførelsen, den er det Frank Capra som står bak. Er ein forberedt på klassisk romantisk komedie så ligg ein godt an, «It Happened One Night» går gradvis innpå deg som god romantikk på film skal. Verken Clark Gable med sin tynne bart eller Claudette Colbert leverar rollar eg ville skrive heim til mor om, men det er kanskje ikkje meininga at dei skal utmerke seg som spesielle karakterar på same måte som James Stewart gjer i f.eks. «Mr. Smith Goes To Washington»? Colbert går ganske greitt frå å vere rikmannsdotter til å bli meir overkommeleg selskap, problemet eg hadde var at ho mangla det vesle ekstra i utrykket, søtheita er det ingenting å utsette på. Dette til side, filmen hausta Oscar til både Gable, Colbert og Capra, beste film og beste manus/adapasjon kom i tillegg. Småtinga eg pirka på var dei som kunne ha flytta filmen opp til ein 9 eller 10, for dette gir både godkjensle og giv gjennom 105 minuttar, ein kan be om lite meir.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
18-des-2007

The General (1927)

User Rating: 8.3/10 (12,032 votes)

The General (1927)Første møte er alltid spennande. Då eg snakkar om første møte er det med tanke på skodespelar eller regissør, eller som i dette tilfelle - begge rollane - Buster Keaton. Ein dannar seg eit bilde av folk viss namn er veldig kjent, eg såg for meg Buster Keaton som ein kopi av Charlie Chaplin, smal erfaring som eg har til komiske stumfilmar. Buster Keaton enda derimot opp med å bli den andre sida av forholdsvis same mynt.

Der Charlie Chaplin gjer utruleg mykje ut av seg sjølv, morsomt det også, og kan knyttast til overdrivelse er Buster Keaton mykje om å underdrive og ligge lågt i terrenget, iallfall er det slik i «The General». Sprell og andre fysisk stunts manglar det ikkje på, men dei har med å komme naturleg i handlinga framfor å drive handlinga. Til å spele hovudperson er det ei nedtona og litt sky Buster Keaton me møter her, naturlegvis er dette rolla han spelar, men å tenke anna enn at lokomotivføraren me møter er Keaton er vanskeleg.

«The Genera»l har ei historie som held seg godt og stadig utviklar seg i bestemt tempo over ca 100 minuttar. Denne historia involverar mykje togkøyring og den amerikanske borgarkrigen. Sjølve togkøyringa, som tek store deler av filmen er favorittdelane mine, her er det fart, dramatikk og spenning utan like, utan at eg skal eksludere og/eller undervurdere den genialt morsomme omskrivinga av amerikansk krigshistorie som gir ein fin vri.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
16-des-2007

A Christmas Story (1983)

User Rating: 8.0/10 (35,978 votes)

A Christmas Story (1983)«A Christmas Story» er ein julefilm i tradisjonell forstand, familievennleg og utan dei store overraskelsane. Regissør Bob Clark har forteljarstemma og fortel korleis desember månad utarta seg for han som 9-årige Ralphie omkring 1940.

Ein av dei flotte tinga er kor godt filmen klarar å fortelje historia frå perspektivet til eit barn slik at eg sjølv levde meg inn og kjente meg igjen undervegs, tross dei 50 åra mellom Ralphies og min barndom. Tida før jul der ein går og ønskar seg eit spesielt leikety utarta seg kanskje ikkje på same måte i dag, då ungar får alt dei vil ha for å halde kjeft, men berre få år sidan når eg var på denne alderen var eg aldri garantert toppønske mitt.

A Christmas Story gjer meir enn å sette meg inn i barndomsrolla, den er utruleg hyggeleg og ein koseleg morsom film på vennleg vis, der det ikkje blir prøvd hardt for å skape latter, men alt fell naturleg på plass i tilværelsen til familien Parker og ein humrar meir enn å bryte ut i latterbrøl. Verkeleg ein solid julefilm dette her altså!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
09-des-2007

Ladri di biciclette (1948)

User Rating: 8.3/10 (14,909 votes)

Sykkeltyvene«The Bicycle Thief» eller «Sykkeltyvene» er ein film eg skammar meg over ikkje å ha sett før, då den er ein ganske viktig film for den italienske neorealismen - og eg har vore klar over det. Sant skal seiast så har eg ikkje sett noko til dei tidlege filmane i den franske bølga heller, så det er nok av materiale å oppdatere seg på. Men der i motsatt til her har eg eigentleg aldri vore klar over nokon spesielle titlar eller namn.

Møte med «Sykkeltyvene» var eit etterlengta eit fordi det har seg slik at eg har sett slutten på den tidlegare, her kjem desperasjonen fram på tydleg vis utan at spora på dei mildare komiske innslaga forsvinn heilt. Dette er kjenneteikn for filmen i si heilheit, som eit viktig tilskot til den itanliensk neorealismen er temaet dei harde levekåra til ein enkel arbeidar i eit etterkrigsprega Roma. Skildringa er brutal og det blir ikkje gjort noko forsøk på å skape ei lykkeleg historie. Heldigvis for ein filmgjengar som meg, mindre glad i den absolutte kalde og triste filmen, er det nokre flotte innskot av lun humor i form av ein barnleg og spontan gutunge - sonen til mannen med sykkelen - som i likheit med dei andre amatørskodespelarane i filmen (eigentleg vanlege folk) passar inn bra.

Halvannan time går fort unna og den enkelt fortalte handlinga held seg frisk og fin frå ein ende til annan. Dette var så fornøyeleg at det einaste eg veit å utsette noko på var ei ufullstendig teksting på DVDen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
28-nov-2007

The Manchurian Candidate (1962)

User Rating: 8.4/10 (23,717 votes)

The Manchurian Candidate (1962)2 gonger har eg sett nyinnspelinga av denne politiske thrilleren, begge gongene utan å bli overvelda, men den er ein akseptabel og over gjennomsnittleg intelligent film. Om ikkje direkte ufordrande så krev den at ein held styr på folk og er villig til å vurdere dei, ikkje berre ta dei som gitt i eit bildekalas for å døyve underholdningssvolta.

«The Manchurian Candidate» er, som mange andre originalar til den tidvis nære nyinnspelte filmen, meir omfattande enn nyinnspelinga. Utan å gjere det til ein regel ser eg gjerne tendensen til at fleire rollefigurar blir sveisa saman til ein og gitt ein ny posisjon i forhold til historia, ei forenkling så dagens publikum ikkje blir utålmodige og forvirra, men får eit inntrykk av å avsløre noko innvikla?

2004-versjonen er heilt kurant, den største forskjellen ligg ikkje i korvidt desse er gode eller ikkje, men i behandlinga av karakterane sine i forhold til kvarandre. Ein av hovudpersonane, Robert Shaw, har blitt omskrive i den grad at det er like spennande å følge han her, tross at eg har sett «The Manchurian Candidate» utspinne seg før. At det her er med eit par ekstra namn i forhold til 2004-versjonen er ingen utfordring, dei blir via meir tid og får betre rotfeste, så «The Manchurian Candidate» anno 1962 står best ut med persongalleriet sitt.

Frank Sinatra går mellom svært passande til traurig fleire gonger i løpet av filmen og trekk med enkelte innspel frå andre ned på den generelle skodespelarprestasjonen. I blant ligg det på kanten til kunstig og småteit, resten av tida er det ein fryd å følge med på. Janet Leigh kan ingen skulde på, men Rosie er unødvendig.

Når det gjeld plottet til filmen er tolkinga i begge filmane relevante i forhold til tid og gir ingen direkte grunn til å tvile på logikken. Spelet omkring politikken synst eg er tydlegare tilstades i 2004-versjonen, utan at det står som ein negativ ting for 1962-versjonen, der andre sider ved historia blir avslørt i større detalj for publikum.

Det blei mykje samanlikning her, men no var det slik at eg såg filmen på denne måten, det skal vere vanskeleg å komme unna. Skal eg så gjere ei siste vurdering, då på kven av filmane som er best, må det bli ein knapp på denne. Hovudsakleg fordi den fortel historia si betre og stikk seg meir ut som ein særeigen film enn den meir typisk utførte konspirasjonsthrilleren nyinnspelinga var.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
26-nov-2007

On the Waterfront (1954)

User Rating: 8.4/10 (24,832 votes)

On the waterfrontVed sidan av «The Godfather» er «On the Waterfront» ein av filmane Marlon Brando vann Oscar for i si tid. Som den fortsatt unge eks-boksaren Terry Malloy er han ein av favorittane til fagforeiningsbestyraren ved hamna, ein ikkje fullt så vennleg Johnny Friendly. Fersk i gamet veit ikkje Malloy alltid kva han går til, og når ein av feltturane fører til eit dødsfall hjå eit fagforeiningsmedlem dukkar det opp tvil og skuld i sinnet hans omkring miljøet han befinn seg i. Når han etter kvart stiftar kjennskap til den avdøde si søster byr det på trøbbel for fleire enn berre han sjølv.

«On the Waterfront» er ikkje berre Marlon Brando sin film, god i rolla som Terry Malloy han er, den prøver å vere eit bevis på at plassen ein er tildelt i samfunnet ikkje nødvendigvis er si eiga forteneste, så lenge ein er klar over dette kan ein kjempe for noko betre. Du har anti-helten Malloy sin kamp mot mot overmakta tross at folk flest er så redde at dei snur ryggen til når han treng hjelp. Overmakta, her representert i form av gangsterar som driv fagforeininga, styrer godt unna dei verste klisjeane tileigna til gangstermiljø og mafia (det er for saks skuld ikkje mafiaen me møter her), men let nok kjente sider vere igjen - nok til å skape skikkelege skurkar og gi inntrykk av ein håplaus situasjon for dei undertrykkte. Den romantiske delen av filmen fungerar godt ved sidan av dette, og stikk heller aldri av med det største fokuset i filmen, likevel blir den tilegna nok tid til å gi inntrykk av at Malloy sin kamp åleine er litt sjølvpåskulda?

Fin film med fleire gode sider, litt slapp innimellom, men har ei god historie, gode skodespelarar og i blant får den fram fin kjemi mellom dei ulike aktørane.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
25-nov-2007

Det sjunde inseglet (1957)

User Rating: 8.4/10 (20,723 votes)

Det sjunde insegletEg nærmar meg stadig eit av dei uskrevne måla for 2007, å ha sett dei 100 øverste på IMDb si stadig oppdaterte topp 250 liste. Det flotte med eit slikt mål er at eg vil få sett fleire ulike filmar eg elles hadde oversett. Mange av filmskaparane og filmane har eg stor tru på, men dei hamnar lett bak ferske titlar om eg ikkje har noko ekstra å prioritere dei etter.

Ingmar Bergman er representert med fleire titlar på lista. «Fanny och Alexander» fall berre sånn passe på plass her i gården, men «Det sjunde inseglet» var desto betre. Sjakkspelinga mellom Block og Døden er vanskeleg å komme utanom når ein skal snakke om filmen, men står på langt nær åleine for heile filmen. At det til tross for pest og død og skumle kristne er ein ledig og småhumoristisk tone over filmen gjer det heile lettare å fordøye. Poesi, nydeleg foto med sylskarp bilde, skjønne kvinner, her er det mykje å hente.

Historien som følger, riddaren Block er på veg heim frå eit ti år langt korstog. Gjennom siste biten av Sverige møter han døden sjølv, og utfordrar han til eit parti sjakk for å hale ut tida, partiet varer heilt til han står innanfor dørstokken heime. I mellom speling og reising møter han bl.a. mannen som starta korstoget, eigentleg er ein tjuv og kjeltring, samt andre fargerike personar som skin gjennom svart/kvit-bilde.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10