Det sjunde inseglet (1957)

IMDb: 8.4/10 (20,723 votes)

Det sjunde insegletEg nærmar meg stadig eit av dei uskrevne måla for 2007, å ha sett dei 100 øverste på IMDb si stadig oppdaterte topp 250 liste. Det flotte med eit slikt mål er at eg vil få sett fleire ulike filmar eg elles hadde oversett. Mange av filmskaparane og filmane har eg stor tru på, men dei hamnar lett bak ferske titlar om eg ikkje har noko ekstra å prioritere dei etter.

Ingmar Bergman er representert med fleire titlar på lista. «Fanny och Alexander» fall berre sånn passe på plass her i gården, men «Det sjunde inseglet» var desto betre. Sjakkspelinga mellom Block og Døden er vanskeleg å komme utanom når ein skal snakke om filmen, men står på langt nær åleine for heile filmen. Trass i pest og død og skumle kristne gir ein ledig og småhumoristisk tone filmen lettare å få ned. Poesi, nydeleg foto med sylskarp bilde, skjønne kvinner, her er det mykje å hente.

Historien som følger, riddaren Block er på veg heim frå eit ti år langt korstog. Gjennom siste biten av Sverige møter han døden sjølv, og utfordrar han til eit parti sjakk for å hale ut tida, partiet varer heilt til han står innanfor dørstokken heime. I mellom speling og reising møter han bl.a. mannen som starta korstoget, eigentleg er ein tjuv og kjeltring, samt andre fargerike personar som skin gjennom svart/kvit-bilde.

7/10

Fanny och Alexander (1982)

IMDb: 8.0/10 (8,374 votes)

Fanny och AlexanderAlexander og Fanny har ein pussig og tilsynelatande rik familie med arveleg apetitt for store mengder sex. Onkelen har for eksempel fått lov av tanta til å ha ei elskerinne for å dempe presset. Men «Fanny och Alexander» er endå litt for unge til å bry seg med dette. Dei får anna å bry seg med når faren døyr og mora giftar seg på nytt med ein djevel av ein prest.

Kva som gjer dette til ein så godt likt film fekk eg ikkje taket på når eg sjølv såg den. Den har sine morosame stunder, er i blant ganske sprø, og presten tilfører ekte faenskap til handlinga. I løpet av tre timar kjem eg derimot aldri under huda på folk. Når ein film tek seg så god tid forventar eg meir. Problemet ligg heller ikkje i karakterane, dei er fantastiske kreasjonar i seg sjølve.

6/10