I Japan finst det eit vaskebjørnliknande dyr som heiter tanuki og som kan transformere seg og ikkje minst dei gigantiske testiklane sine, det ser ganske sjukt ut og begrepet barnefilm fell litt bort. (Studio Ghibli har vel sjeldan vore påstått å lage barnefilmar, men ta «Totoro» eller «The Cat Returns»). «Pom Poko» handlar om (eg vel å bruke betegnelsen vaskebjørn her for enkeltheits skuld) vaskebjørnar som må kjempe mot dei stadige utbyggingane til Mr. Japan, skogane forsvinn og dei må bruke kreftene sine til å stoppe dette. Kampen er ganske håplaus frå første stund, kan dette gå bra? 2 timar seinare med gjespen i kjeften og hovudet mellom hendene var svaret klart for min del, sjølv om eg skulle ønske det tok timen mindre. Vel har Studio Ghibli laga flott animasjon her, med sjuke transformeringar og valdelege vaskebjørnar, men lengda og tempoet i lag med vaskebjørnane som karakterar fungerte rett og slett ikkje bra nok for underteikna.
Ei tragisk forteljing om to barn som misser foreldra sine mot slutten av andre verdskrig på landsbygda i Japan. Uansett kor trist dette skulle vere så slo det ikkje heilt an her. Den er god på så mange måtar, men når aldri opp til mitt forrige møte med barn overlatne til seg sjølv, som også var i ein japansk film, «Dare mo shiranai».
Så, bra film, men den når ingen topplassering i verken Ghibli eller anime-samanheng. God framstilling av kor brutalt det kunne vere, men nokre lyspunkt for å gjere filmen vakker.
Fin samansetting av mange små sekvensar frå ein jap. familie. Litt enkel animasjon.
