American Pie 2 (2001)

IMDb: 6.2/10 (58,469 votes)

American Pie 2«American Pie» vart ein stor suksess og at «American Pie 2» kom to år etter var ingen bombe. Første år på college er over og forutan Oz sitt har liva stort sett stått stille. Ein lang og kjedeleg sommar, grunna politiet sitt aktive arbeid mot private festar, står for døra då Kevin kjem med ideen om å leige eit sommarhus ved innsjøen (les: Lake Michigan) og jobbe/feste gjennom 12 veker, noko bror hans (Casey Affleck returnerar her i sin ukrediterte rolle frå «American Pie») gjorde. Jobbing åleine kan ikkje dekke utgiftene og Stifler (Seann William Scott) må bli med, takk og pris, utan denne bølla hadde spesielt «American Pie 2» vore merkbart mindre moro.

Film nummer to når ikkje opp til den første, filmen involverar ikkje alle på like godt grunnlag som den første, dette betyr ikkje at eg mislikar «American Pie 2», som meget sannsynleg er den filmen eg har sett nest mest gonger i løpet av livet mitt. Tema her er mellom anna å bli vaksen, eit møte desse ungdommane stod ovafor i «American Pie», men som fleire av dei strengt tatt har skyvd litt framfor seg gjennom første år på college. Det handlar om å innsjå at livet er i ferd med å forandre seg og det som var viktig tidlegare ikkje nødvendigvis bidreg til lykke for dei no. Dette sagt, «American Pie 2» køyrer høgare tempo, fleire tullete komiske innslag og meir festing. Serien kunne ha tent seg med å stoppe etter denne, då det er ein verdig nok avslutning. For dei spesielt interesserte er det gøy å sjå at både Adam Brody («The O.C.») og Nora Zehetner («Brick») dukkar opp som High School Guy og Girl at Party tidleg i filmen, blant dei første rollane til begge.

6/10