Battle for the Planet of the Apes (1973)

IMDb: 5.0/10 (7,202 votes)

Så er vi ved vegs ende. I 1973 kom den femte og siste filmen i Planet of the Apes-serien. Battle for the Planet of the Apes knyter saman nokre av trådane frå tredje og fjerde film (Escape og Conquest) med første og andre film (Planet of the Apes og Beneath).

Battle er ingen elegant film, meir ein elefantfilm, utan tyngde. Med unnatak av ei scene der apane besøker ruinane av ein storby utspelar handlinga seg på eit jorde ved ein skog og under grunnen i storbyen. Det einaste spektakulære miljøet som blir presentert er ruinane som apane passerer ved besøket til storbyen. Eg spekulerte for meg sjølv om det var her busjettet på 1.7 millionar dollar hadde gått, for til resten av filmen såg det ikkje ut som at det var.

For å ta eit steg tilbake, Battle handlar om åra etter Conquest. Det har gått tjue år, ein større krig har herja og storbyen har blitt radioaktiv og uleveleg. Apane og nokre gjenlevande menneske lev i lag på eit jorde eit stykke ut på landet. Bufellesskapet er ikkje fritt for konfliktar, menneska blir undertrykte, sjimpansane og gorillaene har ulik oppfatting av kva styresett apane er best tent med. Problemet blir vanskelegare å løyse når ein trussel utanfrå viser seg.

Det dukkar opp interssant historikk innimellom, saker og ting som kan vere med å bygge ut POTA-universet. Men grunna mangelen på kvalitet i presentasjonen blir dette for den spesielt interesserte, eventuelt den som har sett for seg å sjå filmserien. Det er ikkje dei største spørsmåla som blir besvart heller. Dette er den svakaste filmen i serien utan tvil, og ein stor nedtur frå Conquest som J. Lee Thompson òg stod for regien bak.

4/10

Conquest of the Planet of the Apes (1972)

IMDb: 5.8/10 from 7,487 users

Eg har skrive lite om førre møte med kvar enkelt Planet of the Apes-film under gjensyna eg har hatt med Planet of the Apes, Beneath og Escape. Grunnen er at innlegga skal stå på eigne bein i forhold til meiningane eg har om filmane i dag. Men med Conquest of the Planet of the Apes hadde eg ei merkbar betre oppleving denne gongen til at eg vil nemne det. Ved førre møte gjekk det berre nedover frå første filmen og utover, men denne gongen tok det seg betrakteleg opp frå Escape til Conquest.

Den positive overraksinga Conquest var har utspel i fleire faktorar. Nedturen med førre film og dei låge forventingane spela inn her. Og den splitter nye Rise of the Planet of the Apes låg i bakhovudet og eg var nok ekstra interessert i å finne likskapar mellom desse to origins-filmane. Og med emna til å la fantasien overstyre dei mindre realistike apekostyma, som eg samtidig meinar er godt laga, blir den brutale sida i handlinga til Conquest meir framtredande når eg ser den denne gongen.

Vi møter apen Caesar, barnet til Cornelius og Zira frå dei førre filmane. Caesar har blitt vaksen og har arva intelligensen og taleemna frå foreldrene, men som trussel mot samfunnet har han blitt halde skjult av sirkusdirektør Armando for å beskyttast.

Vi er forresten komme til tidleg 1990-tal, alle hundar og kattar har blitt utrydda av eit virus. Apekattar erstatta desse som husdyr, og tok etter kvart over lett arbeid som rydding, vasking og servering då dei viste seg intelligente nok til dette over tid.

Conquest er ein film om Caesar sitt opprør mot undertrykkinga apane opplever og er i prinsippet den gamle filmserien sin Rise of the Planet of the Apes. Utover opprøret er derimot forskjellige. Rise står på eigne bein med Conquest blir best med litt bakhistorikk, som vi har fått frå Planet of the Apes, Beneath og Escape.

6/10

Battle for the Planet of the Apes (1973)

IMDb: 4.8/10 (2,905 votes)

Battle for the Planet of the ApesDen siste filmen i serien er og den svakaste. Filmen sluttar stort sett der han startar, noko som gjer den nesten meiningslaus. Det har gått 10 år sidan revolusjonen, menneske og apekattar lever i fred, men er ikkje fullstendig likeverdige. Apekattane går med ein skepsis til at menneska ikkje har anna for seg enn vald og krig i sin natur.

I sin søken etter å vite meir om foreldra sine, reiser Cæsar til The Forbidden City, som naturleg nok ligg i The Forbidden Zone. Eg hugsa avstanden gjennom ørkenen å vere lengre i «Planet of the Apes», men den har vel rett nok vakse ein del på 600 år. I The Forbidden City møter dei på overlevande menneske, som ikkje visste at det var fleire overlevande enn dei igjen, visa versa. Og det er ikkje eit vennleg møte.

Filmen gav meg ingenting nytt, og kunne like godt vore unngått. Med dette meinar eg i forhold til interssant informasjon og historie i forbindelse med Planet of the Apes sagaen. Det blir sagt at denne filmen eigentleg gir eit betre bilde av kva den eine TV-serien står for enn å vere ein verdig fortsetting på filmserien.

4/10

Conquest of the Planet of the Apes (1972)

IMDb: 5.6/10 (2,827 votes)

Conquest of the Planet of the ApesI ein av dei tidlegare filmane var det snakk om ei historie frå den gongen alle kattar og hundar på jorda var smitta og døydde av eit dødeleg virus. I savnet etter tapet av kjæledyra blei det etter kvart vanleg å ta til seg apekattar som kjæledyr, som gradvis viste seg å vere intelligente nok til å brukast til fleire ting. Levevillkåra til apekattane blei etter kvart lik slavar sitt liv, og det var ikkje lagt skjul på mishandling dersom dei ikkje lystra ordre. Men ein dag var det nok, ei ape stod fram og nekta å følge ordren, og revolusjonen var eit faktum.

Dette er grunnlaget for den 4. filmen i serien, og me følger Cæsar, barnet til Cornelius og Dr. Zira som kom til ei menneskedominert jord i 1973. Året no er 1991, og Cæsar har vokse opp i skjul under dekning av sirkuseigaren Ricardo Montalban sidan forrige film. Ingen har fatta mistanke om forvekslinga som skjedde i forrige film, før Cæsar opnar munnen offentleg.

Filmen vart eit steg i rett retning igjen etter «Escape from the Planet of the Apes». Det kjennes meir sci-fi ut, ettersom me har forflytta oss til eit 1991 sett frå 1972. Handlinga går for seg i ein moderne, pen og ryddig by, som diverre føles litt vel lite og studioaktig. Revolusjon er ofte forbunde med konfliktar, våpen og vald. Noko denne filmen har nok av, balansen blant opptøyer og prat er skeiv, men i motsett retning enn forrige film.

4/10