A Nightmare on Elm Street Part 2: Freddy’s Revenge (1985)

IMDb: 4.7/10 (9,632 votes)

Freddy’s RevengeMe skal tilbake til Elm Street, og faktisk også til huset der vår Nancy frå den første filmen budde. 5 år har gått sidan den gong og familien Walsh har nyleg flytta inn.

«Freddy’s Revenge» gÃ¥r rett pÃ¥ sak, sÃ¥ eg ser ingen grunn til ikkje Ã¥ gjere det same. Jesse Walsh, sonen i huset, opplever grusomme mareritt etter Ã¥ ha tatt over Nancy sitt gamle rom. Han blir offer for ein meir utspekulert Freddy som har planar Ã¥ la Jesse drepe for seg. I eit forrykande tempo i ein film som hoppar litt stakkato mellom eine natta til neste, der møta med Freddy og mareritt er det absolutt viktigaste, mistar dette den heilt store historia. Den første filmen var enkel pÃ¥ ein god mÃ¥te, denne blir meir simpel, med vekt pÃ¥ negative konnotasjonar.

Dette sagt, «Freddy’s Revenge» er ein overkommeleg film, eg kjedar meg strengt tatt aldri, den klarar Ã¥ presse inne masse god guffe, sjølv om det aldri blir skummelt. Humoren er ikkje sÃ¥ spiss som i forrige, og saman med gode rollefigurarar er det dette eg saknar mest. Den manglar nokre forklaringar undervegs som bidreg til den ujamne flyten, pÃ¥ ei anna side gÃ¥r ein ikkje glipp av dei viktigaste informasjonsbitane.

På eit lågare nivå har filmen mykje for seg, vil du ikkje bli prega av mitt syn på karakterane FØR du ser filmen (du får garantert med deg dette undervegs), så anbefalar eg deg å hoppe over neste avsnitt.

Starta ein å sjå på Jesse som ein skaphomofil som slit veldig med seg sjølv og let den onde Freddy vere det som straffar han undervegs er dette faktisk mogleg å tillegge mykje meining. Filmen er veldig suspekt, i mangel på eit betre ord, frå tidleg stadie, dette er enkelt å legge merke til. Mange sekvensar undervegs er med på å støtte opp rundt dette, ei ganske drøy S&M scene med gymlæraren i dusjen f.eks.

Skal eg trekke ein konklusjon pÃ¥ dette, og det vil eg, sÃ¥ er det at «Freddy’s Revenge» var betre enn forventa. Eg ligg nok over fleirtalet, IMDb-stemmer tatt i betrakning, og gir denne plussida av ein femmar.

5/10