Walk Hard: The Dewey Cox Story (2007)

IMDb: 6.8/10 (22,708 votes)

walk_hardDet er ein morosam idé å gjere narr av dei mange og like musikalske biografiane frå seinare år, men det burde ha blitt gjort på ein meir sofistikert måte enn som så. «Walk Hard» grensar i blant mot movie-franchisen (Scary, mfl.) på billege poeng, og eg forventar meir av Kasdan/Apatow. Samtidig reddar kjente ansikt, John C. Reilly gjer ein god jobb med rollen han har fått tildelt, og morosame musikknummer filmen. Extended edition er i lengste laget, men utviklinga i karriera til Cox og variasjonen av filminspirasjon driv det greitt nok framover. Skulle likevel ønske eg såg standardversjonen.

5/10

The TV Set (2006)

IMDb: 7.0/10 (663 votes)

The TV Set«The TV Set» med David Duchovny blei dagens andre film. Den tek for seg heile prosessen frå idé til pilotepisode i amerikansk nettverkssamanheng. Meir spesifikk korleis ein briljant idé blir mørkbanka og standarisert.

Dette er ein komedie med botn, kanskje ikkje av den hysteriske typen som vil fenge alle, men for folk med store tv-interesse (meg veldig mykje inkludert) så er dette ein god film. Gode skodespelarar burde trekke opp for andre óg.

Duchovny vs. Sigourney Weaver er eit festeleg skue, sistnemnte bankar ut Meryl Streep i «The Devil Wears Prada» på bitchskalaen så det susar.

Oppbygginga til filmen er nok ein av dei sterkare sidene. Dette er ein ekte prosess som blir forklart over 90 minuttar, hoppar i tid ved dei rette plassane og får med seg essensen på ein måte som både informerar, kritiserar og underheld. Når filmen har eit mål så blir det mykje artigare å sjå på enn om det skulle vore ei laus historie basert på tv-nettverksarbeide.

Kvifor filmen ikkje har fått så mykje omtale etter den blei lansert i april kan hende har noko å gjere med at FOX er involvert. Dei var som kjent involvert i lanseringa av «Idiocracy» tidlegare i år, som også var ein kritiserande film på eit underliggande nivå. Men det forblir i mine spekulasjonar.

8/10

Orange County (2002)

IMDb: 6.1/10 (9,260 votes)

Orange CountyDette har ingenting å gjere med tv-serien «The O.C.», likevel om eg var glad når temasongen til den serien dukka opp i rulleteksten. Den største grunnen til at eg såg filmen var Jack Black, Ben Stiller og Colin Hanks. Alle gode skodespelarar.

Historia tek plass i eit sprøtt miljø rundt ein ung forfattarspire som ikkje har lenge igjen av high school, og som utelukkande har søkt på Stanford University. Så ligg han plutseleg tynt an når det viser seg at skulen har klart å rote vekk søknadspapira. Etter det skjer blir filmen ein standard frustrerande og hektig film som hastar seg fort framover. Alt som skjer, skjer i løpet av eit par dagar. Men Shaun (Hanks) får verkeleg vist seg som ein karakter, og det likte eg. Dei andre karakterane er ikkje så djupe, men morosame stereotypar.

7/10