Quantum of Solace (2008)
søndag, november 16th, 2008Eg har sett lite film i det siste, men har rukke å få med meg «Quantum of Solace» på kino. Elles har det stort sett gått i bøker.

Daniel Craig er tilbake som James Bond i det som denne gongen er ein Marc Forster-regissert film der mellom anna Paul Haggis har skrive manus. Eit røft preg, mykje vald og ein litt kald og kynisk Bond har i lag med det nokon kallar mangelen på vante James Bond-kjenneteikn fått enkelte til å reagere. Men her er det nok fleire som ikkje har sett godt nok etter.
Personen James Bond er langt nede etter tapet av Vesper i forrige film, han kan framstå som brutal og oppslukt i ei hemnjakt, men er bak maska stadig like kalkulert og det kjem etter kvart nok spor til ein leiken agent som er glade i det kvinnelege selskap. Craig held maska med stil i den tidlege delen av filmen, men den som følgjer godt med kan legge merke til ei endring i personen hans, om ikkje stor så iallfall nok til å kunne oppdagast.
Av fart og spenning byr «Quantum of Solace» på alt i frå sprø biljakt, til båtjakt til fotjakt og eksplosjonar. Her er det meste, det går hardt for seg, men det er ein variasjon å setje pris på. Dessutan har lengda blitt klart å halde nede på 1t 46min, ca 40 minuttar kortare enn forrige film. Nokre veit å setje pris på lengre filmar, eg er av oppfatting at fleire Bond-filmar er for lange og synst denne var perfekt med tanke på historia.
At skurken ikkje er ute etter å øydelegge jorda, men at han er ein utspekulert menneskeforbrytar gir meg ein større grunn til å mislike han, men også å like han som skurk.
Eigentleg var det ingenting eg beit meg merke i som dårleg med denne, sjølvsagt kunne eg gått inn for å samanlikne den med ein av dei første filmane med Connery og komme med at Bond er ein glattare og meir kvinnebedårande person der, men eg ser heller ikkje poenget i at alle filmane skal vere heilt like, og denne har meir enn nok til å vere ein Bond-film.



James Bond franchisen har nådd 21 filmar med «Casino Royale», om ein då ser bort i frå forrige «Casino Royale» og «Never Say Never Again». Av desse har eg sett ein her og ein der, og aldri vore så med på det at eg har måtte sett alle. For meg står Bond som lett underholdning med ein kjent karakter, enkelt og greitt på to måtar altså.
Inga overrasking, dette var heller ikkje den beste James Bond-filmen der ute. Viss du vil ha middels spenningsfilm, tallause eksplosjonar iblanda reklamefilm, så er dette filmen! Mangelen på stil trekk ned, humoren er heilt grei, men kunne ha vore betre med tanke på alle vitseforfattarane der ute.
Morosam James Bond film fullspekka av overdreven, men underhaldande action. Ingen kjedelege periodar i filmen, faktisk ganske så oppslukande. Det som trekk ned er dei urealistiske haldningane til Bond når han snik seg inn overalt, May Day og ein middelmådig skodespelarprestasjon av Roger Moore. Han virka rett og slett altfor tam og likegyldig gjennom store deler av filmen.
Klassisk James Bond. Agentfilm slik det skal vere. Morosam og spennande.