James Cameron har laga ein spennande film med «The Abyss», eit undersjøisk eventyr innblanda med kald krig og utanomjordiske vesen.
Eit avansert farty drifta av godaste Ed Harris, blir sett inn for å hjelpe militære i å hente ut teknologi i frå ein havarert ubåt. Dette medfører eit basketak mellom usympatisk militært personell og dei litt for kjenslestyrde, dediserte personane som driftar redningsfartyet.
«The Abyss» er fiffig i oppbygging av spenning og det er eit sjakktrekk å plassere handlinga på botnen av havet, ekstra langt nede. Trusselen det høge trykket på alle kantar medfører set alle konfrontasjonar innvendig ekstra på spissen. Dette blir så effektivt at stereotypane Cameron brukar som rollefigurar, som eg ikkje har særleg i mot, blir tilsløra akkurat så mykje som det skal til for å svelgje det.
Store ord blir preika og det heile er ikkje i nærleiken av å vere realistisk, men «The Abyss» gir både grøss og kaldsveitt rygg på sitt beste, og oppnår innimellom litt av den klaustrofobiske atmosfæren som Ridley Scott fekk til i «Alien».
Svar på eventuelle spørsmål om «The Abyss» er verdt å sjå, kjem heilt an på i kva grad du forventar eller forlanger skikkelege rollefigurar og ei i heilheit original forteljing. Du får ingen av delene her, men innanfor dei rammene som eg har prøvd å setje her får du god spenning i massevis.

James Cameron tok over spakane når «Alien» blei til «Aliens» i 1986. Dette merkast tydeleg når det gjeld actionbiten. Militære i jakt på fleire romvesen har erstatta eit forsvarslaust mannskap i kampen mot eit enkelt. Pengar er pøsa på spesialeffektar utan at det har så mykje å sei for min del. Eg blei skuffa over den store forskjellen mellom desse to filmane, for eg hadde nok forventa meir pirking i nervetrådar enn det blei her. Litt er det altså, men det kjem sjelden i mellom dårlege punchlines og ein unødvendig skrikarunge som alt er med på å gjere filmen meir kommersiell. Som rein actionfilm er det vel ikkje det dummaste. Det fine med påkosta filmar frå denne tida er eit forfriskande fråver av dataanimasjon som me er vant med i dag. Her er det bøtter og spann med slim og sveitte, ingen steril sminkeromsaction eller pixelskapt dataspelmonster.
Denne filmmeldinga er skrive med oppfølgjarar betre enn originale som tema. Spørsmålet er korleis betre, generelt eller på ein bestemt måte? «Terminator 2: Judgment Day» var filmen eg såg meg ut, utan at eg eigentleg visste om den var betre enn «T1». Her måtte eg håpe at folk flest var å stole på.
Faktisk første gong eg ser denne filmen, kanskje på tide vil noko sei. Sjølv tykkte eg ikkje filmen verken imponerte eller skuffa. Den er grei som spenningsfilm og den rettar som vanleg for nyare filmar eit negativt blikk mot cyborgs. Men den blir for forutsigbar til å vere verkeleg spennande, oppbygginga gir tydelege hint om når ting vil skje, og kva som vil skje. Greitt i mitt tilfelle, ettersom 5.1 lydsporet på den Special Edition eg var innehavar av var utruleg ujamnt.