Guilty pleasures og så bra som det kan bli
Definisjon (Wikipedia): An example of guilty pleasure would be a man who watches television shows marketed towards women, such as «Sex and the City», or soap operas, such as «The Young and the Restless». This is considered a guilty pleasure, as it violates most western ideas what society views as masculine.
Byt ut tv med film og du får det ein gjerne kallar «chick flicks», romantiske komediar det nærmast er tabu for menn å innrømme og sjå, så framt ein ikkje er tøff og sjølvsikker. Eg kan gjerne innrømme at eg likte både «Notting Hill» og «Sleepless in Seattle», samt «You’ve Got Mail» som eg skreiv om i forrige veke. «As Good as It Gets» som er den tredje filmen eg vil nemne her fell nok ikkje heilt inn under «guilty pleasures» kategorien, noko eg vil komme tilbake til.
Notting Hill (1999, Roger Michell)
Lat oss ta rollebestninga først, den seier mykje: Her har me Julia Roberts og Hugh Grant, sjangeren er romantisk komedie og me befinn oss endå på 90-talet. Allereie her vil mange stoppe opp, rygge litt tilbake, før dei snur seg og spring vekk - eg var lenge blant desse, men for nokre dagar sidan fekk eg likevel lyst til å sjå filmen. Før mislikte eg både Roberts og Grant, over dei siste par åra har eg derimot sett begge gjort gode nok rollar, og såg ingen grunn til å styre unna «Notting Hill».
Handlinga er grei, Grant spelar bokbutikkeigar og Roberst skodespelarinna som kjem innom for å handle, dei er bunde til å ha vidare interaksjon - noko me som publikum sjølvsagt veit. Det viktige blir difor måten heile greia er lagt opp på og korleis Grant, Roberts og ikkje minst kombinasjonen av desse to fungerar. Og det er vel ingen grunn til å komme med noko negativt her, for sjølv om det meste luktar klisjé er det gjort med varme og resultatet blir ein koseleg film som får meg til å smile - om ikkje så mykje som Julia Roberts har ein tendens til.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Sleepless in Seattle (1993, Nora Ephron)
Sidan eg likte «You’ve Got Mail» var det ingen veg utanom denne, som også er med Tom Hanks og Meg Ryan, samt regissert av Nora Ephron. Denne filmen er krydra av referansar til eldre filmar, først og fremst «An Affair to Remember» og omfattar geografisk avstand først og fremst. Hovudrollane har knapp interaksjon, så oppbygginga er ei kryssklypping av austkyst mot vestkyst, Baltimore mot Seattle. Hanks har ikkje fullt så mykje karakter som i sine beste filmar, men Ryan gjer seg utruleg godt på skjermen her. Det er mest vekt på drama og romantikk, så nokon skikkeleg gladfilm er det ikkje, utan at eg ser grunn til å trekke på det. At den er ganske så dialogprega, med god dialog, er styrken i denne så vel som den var i «You’ve Got Mail», så eg fann den ganske likandes.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
As Good as It Gets (1997, James L. Brooks)
For å begrunne innleiinga mi om kvifor dette ikkje er noko «guilty pleasure» treng eg ikkje går lengre enn til å nemne Jack Nicholson, ein film med denne karen er bra nok grunn til at kven som helst kan sjå den utan å føle seg «skuldig». Vidare er dette ein film om karakteren til Nicholson, ein gammal, einsam misantrop av ein forfattar med mange rare hygieniske, overtruiske og psykiske problem. Ev. romantikk kjem ikkje før i 2. eller 3. rekke, då dette er komedie om ein periode i livet til Melvin, misantropen, er ting forandrar seg for han. Dette skjer gradvis samtidig som «As Good as It Gets» heile vegen klarar å behalde det som gjer Melvin til ein interessant karakter. Det er vanskeleg å finne ei meir spesifikk beskrivelse av denne filmen, den er spiss, tilbyr mengder av god latter, utruleg bra dialog, godt skodespel, fint driv. Det er så og sei ein ultimat godfilm som også bringe fram ei lita tåre her og der, må eg innrømme. Ei varm anbefaling. Nicholson i toppklasse!
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10


(2 hittil)