Filmdagbok
ness
21-jun-2006

V for Vendetta (2005)

V for VendettaUser Rating: 8.2/10 (46,081 votes)

Til ein slik film er det ikkje lett å starte å skrive. Spesielt etter å ha lese Gunnar sin anmeldelse tidlegare, som dekkar dei fleste punkta eg tenkte på under filmen, og sannsynlegvis mange fleire. Men er det noko filmen vil få fram så er det at ein skal stå for sine eigne tankar.

Eg har ikkje lese den grafiske romanen, og stod dermed med blanke ark før eg såg filmen. Eg vil tru at filmen gav meg meir enn den grafiske romanen til Alan Moore og David Lloyd kunne ha gjort. Men vil ikkje konkludere med noko før eg har lese den sjølvsagt. Filmen skal ha skryt for at den har klart å unngå mykje av dataanimasjonen som ofte blir brukt i moderne adapsjonar av grafiske romanar og teikneseriar. Eg trur på denne filmen i meir enn å underhalde. For du har gått glipp av mykje om du ikkje fekk med deg kva frykt kan skape, og kva eit menneske kan skape i skyggen av frykt. Filmen seier meir enn som så, V er ikkje den vanlege helten, ei heller Batman som brukar alternative metodar for å forbetre samfunnet. V er ein terrorist og drapsmann, ein venn og ein fiende. Han veit alt dette sjølv, og har berre satt seg eit mål. Utover det er ingen framtid i sikte, for han veit han ikkje er betre enn nokon andre når det kjem til besittelse av makt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10