Andre del av fotballfilmserien «Goal» er ute i omløp. Etter å ha blitt positivt overraska av den første måtte eg sjå den.
Det tok ikkje lang tid før eg merka skuffelse breia innover meg. «Goal II» føles overfladisk og uekte. Dårleg skodespel merkast og er av og til på grensa til latterleg. Der filmen skal gjere seg bemerka, i form av spenning i kampens hete, mislykkast den.
Kva sit ein då igjen med? Ikkje mykje! Eg kjeda meg gjennom store delar av filmen, med unntak av eit par fine og sentimentale scener, som er filmen sine einaste lyspunkt. «Goal II» satte meg i tvil om kor god den første filmen eigentleg er. Men den hadde i det minste ei historie som utvikla seg, her står ting stort sett stille.
