Jaws (1975)

IMDb: 8.3/10 (103,588 votes)

Gjensynet med «Jaws» forrige helg vart like kjekt som eg håpte på, sjølv etter å ha sett han to gonger før er denne dønn stabil på gjensjåingsskalaen og stadig ein sterk film.

Filmen om ein stor kvithais invasjon av farvannet rundt den idylliske sommarferiestaden Amity Island er rekna for å vere den første store blockbusteren, i USA tente den inn budsjettet med heile 40 gonger og på verdsbasis med 67, etter Wikipedia å dømme. Andre stader er budsjettet opplyst å vere 12 millionar dollars istaden for 7 og inntektene andre, det som uansett er klart er at filmen som sprengte budsjettet og produksjonstiden med det dobbelte (friskt etter minnet frå boka «Easy Riders, Raging Bulls») tente sjukt med pengar.

Pengane satt til side, «Jaws» er ved sidan av å ha ei god historie tilknytta produksjonen ei godt fortalt historie på skjermen. Oppbygginga er i ein eigen klasse, men kan misforståast av den utålmodige og yngre generasjonen, som sagt i «Two and a Half Men» (fritt oversatt): «Kva er så fascinerande med ein film der haien ikkje dukkar opp før etter 40 minuttar?». For den som klarar å sjå forbi at det ikkje er action frå første sekund, at det er filmens styrke i å etablere Amity Island som den idylliske ferieplassen det skal vere for å gi større kontrast til grusomheitene monsteret av ein hai bringe, så er dette veldig mykje ein film som leverar det som trengs.

Det flotte med oppbygginga er at tida blir brukt til å tilfører filmen mykje til heilheita. Her er konfliktar i mengder, folk du ikkje likar som har rett og folk du likar som må ta avgjerlser for det betre utan å faktisk vite om dei gjer det rette likevel. I tillegg til å vere kompleks er den også veldig enkel å forstå, den blir spennande på ein enkel måte og gjer seg fortent til å vere ein annerkjent blockbuster. Utan å dvele meir på filmen for denne gong sler eg fast at den ved sidan av å vere blant Spielbergs topp 3 (vanskeleg å favorisere nokre av dei vidt ulike filmane hans) er ein av mine favorittar på tvers av alle sjangrar og år.

8/10

Jaws (1975)

IMDb: 8.3/10 (65,584 votes)

JawsEit gjennsyn med Steven Spielbergs store 1970-tals thriller. Denne gong i forlenga 30-års utgåve, utan at eg merke noko nytt forsåvidt. DVDen hadde DTS lydspor og godt bilde, og eg fekk i tillegg køyrt teksting på den, som kan vere greitt i starten av filmen iallfall. Bonusdiscen med ekstramateriale ligg ennå å ventar.

Eg vart meir innstilt på å glede meg over filmen denne gongen, og gjorde det dei stadene eg ikkje irriterte meg over korleis folk oppførte seg. Med det tenker eg på bystyret som set økonomi framfor helse, og folka på stronda som berre tenkte på seg sjølv i alvorets time. Men det er slik filmen skal vere, og det er vel meiningen desse folka skal provosere, så det er vel ingen grunn til å klage på det, snarare tvert i mot, Spielberg får fram det han skal.

8/10

Jaws (1975)

IMDb: 8.2/10 (56,214 votes)

JawsEndeleg ein god «Jaws»-film. Eg har sett nummer 4 og 5, men ingenting sler originalen. Og som Earl i «My Name Is Earl» ville ha sagt: No kan eg endeleg krysse den av lista mi.

Filmen var rimeleg lang, og brukte som «Rupan sansei: Kariosutoro no shiro» litt tid på å bli varm. Det var ei håndfull stereotypiske idiotar, som ein ofte finn i denne sjangeren, men eg klarte å halde ei viss avstand til det, så eg kom meg etter kvart fram til den gode delen av filmen. Den siste timen var spennande, og ikkje så prega av klisjear som eg hadde trudd. Så til slutt, etter ein lystig og blodig film, så vil eg sei at eg kom ganske så godt ut av det heile.

8/10