IMDb: 6.4/10 (1,699 votes)
Tre år før Baghead, som eg skreiv om for ikkje lenge sidan, kom den debutfilmen til Duplass-brørne. The Puffy Chair er ein halvseriøs roadtrip-komedie om eit kjærestepar. I tilknyting ein bursdag legg kjæresteparet ut på ein tur for å hente ein stol som skal bli bursdagsgåve, og med seg på turen får dei broren til mannen i forholdet. (Les vidare under bildet).

Eit ustabilt forhold med ein lite fokusert kjærast, ein påtrengande bror og ein andel ikkje uproblematiske hindringar på vegen, utgjer The Puffy Chair. Som med Baghead er dette òg gjennomført med amatøraktig sjarm: Ikkje verdas beste kvalitet på det reint tekniske, men truverdige framføringar frå skodespelarane og ein god kontakt med publikum.
Og litt i ånden av Woody Allen er det interessante mellommenneskelege problem som opptek det seriøse grunnlaget for filmen. Dette tilfører noko genuint og ekstra i forhold til enklare komedier som utelukkande går for den lettfattelege humoren.
The Puffy Chair er først og fremst for den som er på jakt etter ein nedtona drama/komedie og ikkje har behov for Hollywood-stjerner eller stålkontrollerte steadicam-bilder.
6/10
IMDb: 5.9/10 (1,679 votes)
Duplass-brørne er snart aktuell med komedien Cyrus, med Jonah Hill, John C. Reilly og Marisa Tomei. Og sjølv om dei insisterer på å ikkje selje seg til storfilmane (Total Film), er skilnaden stor til B-lista i Baghead. (Les vidare under bildet).

Så mens eg ventar på Cyrus, gjekk eg inn for å sjå meg opp på dei tidlegare filmane til Jay og Mark Duplass. Baghead som er den andre av dei to langfilmane dei har laga før 2010, handlar om ein vennegjeng som skal på hyttetur for å skrive filmmanus i lag. Filmen går mellom å vere komedie, skrekk, drama og romantikk ofte nok til at ein aldri heilt slår seg til ro med det eine eller det andre. Dette kan forvirre nokon, men for dei som vel å setje pris på det, er filmen udefinerbar og open nok heile vegen til at ein kan bli overraska av tilsynelatande enkle vriar.
Handhelde kamera og minimalt med stemningsbyggande musikk gir assosiasjonar til lågkostnads amatørfilm. No verken kosta eller tente Baghead inn store summar (ved si avgrensa kinolansering), men filmen får like fullt fram ei interessant og underhaldane handling. Skodespelet er ikkje i verdsklasse, men det manglar verken på kjemi eller kjensler, og det går godt i lag med filmen som heilskap.
Eg visste ikkje kva eg skulle forvente av Baghead, men får meir enn eg hadde rekna med. Det er ikkje ein film i verdsklasse, men likevel ein solid sak med amatørpreg og god sjangerblanding.
7/10