Det tok litt tid før eg endeleg skjønna poenget bak tittelen til filmen, at det har meir å sei enn berre å vise til dei få køyretimane filmens hovudrolle, Ben Marshall (Rupert Grint), har. Filmen kviler hovudsakleg på hans og Evie Waltons (Julie Walters) skuldrer. Dei er den kjekke kombinasjonen av ein stykk ungdom og ei gammal pensjonert skodespelarinne. For å avfeie det først som sist, dette er ingen nyversjon av «Harold and Maude», sjølv om stilen og nokre av karakterane kan verke like. Spesielt bilen til Evie trakk merksemda mi ganske tidleg.
Så, kva handlar filmen og? Ben er veldig sky, har ei overbeskyttande mor og høyrer til ein veldig kristen heim. Han får seg sommarjobb hjå Evie som hushjelp/assistent/venn, og blir pressa til å gjere ting som mora hans absolutt ikkje ville latt han gjere, som for eksempel å reise på ei-natts telttur.
Dette er lun britisk humor, ein film av typen feel-good, og har ei god blanding av engelsk natur og musikk, samt innspel av skotsk kultur. Den er til tider veldig flau, klarar å frustrere og er fin å berre sette seg tilbake i sofaen og følge med på.
