Seinfeld sesong 9
onsdag, november 21st, 200724 episodar.
Å sjå alle «Seinfeld»episodane har vore eit av dei større måla mine på tv-fronten dei siste få åra. Ettersom eg aldri har vore spesielt flink å følge med på tv til faste tidspunkt og «Seinfeld» går i eit sett på TV3 med uuthaldeleg reklame, eller at eg ikkje har sansen for dårlege tv-opptak, så har det blitt å vente på DVDane.
Sidan dette var siste sesong og greier så er det på plass å hylle «Seinfeld» for alt serien har bydd på opp i gjennom, frå og med dei enkle og meir jordnære episodane i starten via betre samanhengane sesongar i midten til dei fiksjonsfyllte siste-sesongane. Av alt har eg satt størst pris frå fjerde sesong og utover, då desse har vore meir prakka på med sprø, sprø humor.
Siste sesong, nummer ni, har nok vore den villaste og mest urealistiske. Ein plass måtte nok dei gi seg, så dette var forsåvidt eit greitt tidspunkt, den finst grenser tilogmed for «Seinfeld». Det flotte med at serien har blitt stadig spissare er at den har unngått å gå seg sjølv altfor mykje i reprise.
Sjølv om eg aldri har vore oppslukt i serien på eit persondramanivå var det vemodig å sjå dei siste to episodane, «Seinfeld» har satt sine spor i tv-historien og i mitt eige forhold til tv-seriar.
Alle kjenner til serien på ein eller anna måte, fy og skam til dei som måtte trå fram og sei i mot, difor står eg ut i frå djupare utgreiing, alle veit kva som er å vente av «Seinfeld».
Larry David er ute av bilde som bakmann, noko som fører til at Jerry Seinfeld har meir å sei ovafor retninga episodane tek. Kort sagt betyr det at serien er blitt meir surrealistisk og komisk. Etter sju sesongar er dette akkurat det som trengs for å halde underholdninga frisk.
George forlovar seg, Kramer blir om mogleg endå meir sprø, Elaine skiftar tidvis hårsveis og Jerry, Jerry er seg sjølv meir enn normalt.
«Seinfeld» blir berre betre og betre. Den sjette sesongen klarar fint å blande nye vitsar med korte med effektive referansar til tidlegare episodar. Kramer ser ut til å spele ei større rolle, og det same med Elaine. Kan dette stemme eller er det berre noko eg innbillar meg?
Det er vel eigentleg ikkje så mykje nytt å skrive om Seinfeld, for serier durar og går i same bane som før. Med unntak av eit par episodar som eg er 100% sikker på at eg har sett i første eller andre, så er eg fornøgd.
Ikkje noko særleg annleis enn andre sesong i kvalitet. Fleire episodar. Litt fleire episodar ute av leiligheita til Jerry, noko som sikkert har med å gjere at serien har fått fleire midlar etter kvart. Elles veldig morosamt.
Akkurat lang nok sesong, med stort sett gode episodar. Har sett ein del av dei før, men komedie går som regel ganske greitt å sjå om igjen. La merke til at kvaliteten på skodespelinga ikkje alltid er like seriøs, noko som eigentleg gjorde det heile meir truverdig morosamt. Det er jo ein latterbokskomedie, eller multi-kamera komedie som det også blir kalla. Om ikkje det blir brukt latterboks, så er det iallfall latter i bakgrunnen, noko som verka inn på din eigen oppfatting av situasjonane. Noko eg ikkje er særleg fan av, men gjer unntak for likevel.
Ein veldig kort sesong. Men det er nokre morosame episodar her, så eg vil mest sannsynleg sette i gong med sesong 2 veldig snart.