American Wedding (2003)

IMDb: 6.2/10 (45,254 votes)

American WeddingEit par Ã¥r etter «American Pie 2» kom «American Wedding», aka «American Pie 3 — The Wedding», viss du har lyst til Ã¥ leve i uvissa omkring kven som skal gifte seg sÃ¥ har du vel allereie stoppa Ã¥ lese. Synd du sÃ¥g pÃ¥ bilde til høgre forresten, sÃ¥ du kan vel like godt fortsette Ã¥ lese.

College er over, utan sÃ¥ mykje om og men, kva som har skjedd med folk sidan sist har blitt neglisjert og nysgjerrigheita den hardbarka fansen mÃ¥tte ønske stilt blir aldri gjort særleg med, fleire av birollane har blitt fjerna fordi skaparane ikkje kunne finne storylines til dei, Oz (Chris Klein) er det einaste tapet, grunna andre innspelingar i dette tilfelle, som er verdt Ã¥ trekke ned for — han utgjorde trass alt 1/4 av den harde kjerna i dei to første filmane. I staden har Stifler blitt henta inn i større grad, kva han har gjort sidan film 2 blir aldri diskutert, men det er klart at han kombinerar bussjÃ¥før og trenarjobb for highschoolfotball.

Det er altsÃ¥ bryllaup pÃ¥ gong, Jim og Michelle skal gifte seg, per definisjon av tenÃ¥ringskomedie skil altsÃ¥ denne tredje filmen seg ut, men beheld Jim som meisteren av flaue scener, kvalme innslag med Stifler og spenninga mellom Finch og Stifler grunna Stifler’s Mom. Kevin hamnar er alltid tilstades, men gjer aldri noko viktig. Kombinasjonen av bryllaup og tullehumor fungerar ikkje sÃ¥ altfor bra, fleire av karakterane er blitt kjedelege med alderen. Den nemnte spenninga mellom Finch og Stifler utviklar seg til Ã¥ bli konkurranse nÃ¥r den heite søstra til Michelle dukkar opp, her byr filmen pÃ¥ si beste sidehistorie.

American Wedding bilde«American Wedding» har eg kun sett ein gong tidlegare, den har ikkje spesielt høg gjensjåingsverdi, men går glatt ned som midt på treet humor. Eg blir i det sentimentale hjørne som tidlegare var forbeholdt slutten på «American Pie 2» av å sjå «American Wedding», American Wedding bilde2blanda med skuffelse over at dette aldri går spesielt i djubda på nokre av karakterane sine og at oppbygginga av historia rundt bryllaupet er ribba for originalitet: 1. Møte og imponere svigers. 2. Utdrikkingslag. 3. Kaos før bryllaupet. 4. Lykkeleg slutt. Filmen har ikkje så mykje den vil fortelje av meining som dei forrige, å velje bryllaup som filmens senter er å flytte seg i naturleg retning når det gjeld livets store augeblikk, men kor blei det av collegegraduation? «The next step» som tidlegare har vore viktig har dei vakse av seg, men eg sit med den ærlege opinionen om at «the next step» rundt collegegradutation hadde gjort seg betre, likeheitene til highschoolgradutation til tross.

Eg vil ikkje trekke «American Wedding» ned i dritten, over åra har eg blitt for glad i castingen til å avsjå fillmen fullstendig, men den har fatale manglar og heng dårleg saman med resten av serien. Som avlslutning er den også berre halvt verdig. Den legg seg på eit nivå altfor mange av tenåringskomediane gjer, viss me igjen skal inkludere den i sjangeren. Som komedie byr den likevel på nokre ubetalege scener, og kva filmseriar gjeld er eg tilhengar av å køyre løpa fullt ut.

5/10

How High (2001)

IMDb: 4.9/10 (4,247 votes)

How HighEit gjensyn med denne marihuanafyllte filmen, som eg ikkje var heilt sikker på om eg hadde sett før når eg satte meg ned i sofaen. Men det hindra meg uansett ikkje så sjå den eingong til. Til saken, «How High» er absolutt ingen Oscarkandidat, og var det aldri heller når den kom ut. Den er så enkel og overfladisk som ein komedie kan bli, utan at det gjer den mindre morosam. Faktisk så er det ganske så greitt å sette seg ned med slik dum humor av og til, for å sleppe å tenke, men for å slappe av.

Slappe av er noko våre venner Silas (Method Man) og Jamal (Redman) også er. Eg orka ikkje forklare korleis ting skjer, anna enn at vennen til Silas dør, og oska hans blir brukt i ei potteplante (les: marihuana). Dei som røyker pot frå planta ser Ivory som spøkelse. Uansett gjer Silas og Jamal seg nytte av spøkelset (Jamal kjem inn i bildet innimellom her ein plass), og kjem seg inn på Harvard, og der finne dei på ein del typisk collegeshit, som ein ser i andre filmar; festar, røyking, held på å bli kasta ut, osv. Men det verste av alt er at det virka som filmen faktisk har ein moral, at så lenge ein gjer ein innsats, så kan ein få utretta det ein vil, uansett kven du er. Enkelt nok.

Kjem kanskje litt feil ut samanlikna med andre filmar, men eg tykkje ikkje denne filmen er så aller verst til sitt formål.

5/10