Airplane! (1980)

IMDb: 7.8/10 (52,170 votes)

airplaneI fleire år har eg unngått å sjå «Airplane!». Nok ein gong viser det seg at eg burde latt tida gå vidare utan å sjå den. Usikkerheita eg hadde til filmen på førehand var identisk med ei eg har hatt altfor mange gonger før. Ei suppe av altfor billege slapsticks pregar filmen tungt, og desse som nok ikkje var gode når «Airplane!» kom ut har heller ikkje tålt tida. Halvannan time i helvete står som eit seriøst alternativ versus eit gjensyn. «Airplane!» er som Steve Martin på sitt verste. Så har Jim Abrahams også laga den grusame «Scary Movie 4».

3/10

Hot Shots! Part Deux (1993)

IMDb: 5.8/10 (10,314 votes)

Hot Shots Part DeuxPersonleg tykkjer eg oppfølgaren er betre enn den første filmen i seien. «Hot Shots!» var god, men eg foretrekk Rambo framfor «Top Gun». Humoren er av den billege sorten, og full av enkle idiotiske grep, men det verkar med Charlie Sheen. Dog eg har mine tvil om at filmen ville fått same status om produsert i dag. Eller? «Scary Movie» har jo klart seg.

Thank you Topper, I can kill again! You’ve given me a reason to live!

5/10

Hot Shots! (1991)

IMDb: 6.3/10 (11,448 votes)

Hot ShotsEg føler meg litt for gammal til denne type humor, men noko av det er sjølvsagt moro. Og det er heller ikkje lenge sidan eg såg «Top Gun», som på si side faktisk var betre.

5/10