Stranger Than Paradise (1984)

IMDb: 7.4/10 (4,984 votes)

Stranger Than Paradise«Stranger Than Paradise» er ein enkelt klyppt film i svart-kvitt med amatørskodespelarar, ei tynn historie og minimalt med populærmusikk. Likevel har den klart å karre til seg ein relativt dedikert fanbase sidan den kom ut i 1984.

Eg vart aldri imponert over det eg såg her. Jim Jarmusch sin andre langfilm har ein del vakkert foto, sjølv om bilde er kornete og svart-kvitt, men står seg ikkje ut som genial på nokon andre måtar. Det som gjer det til ein fin film er at den er nedtona og jordnær på alle måtar, både i idé og gjennomføring. Noko som gjer den lettfatteleg, og ikkje til ein ung filmskapars pretensiøse nestendebutkunstfilm.

Det er vel ikkje så mykje meir å sei om «Stranger Than Paradise». Ein enkel og fin film. Ikkje bortkasta tid, men eg ser ikkje på den som ei prioriteringssak.

6/10

Ghost Dog: The Way of the Samurai (1999)

IMDb: 7.4/10 (19,876 votes)

Ghost DogI Jim Jarmusch sin «Ghost Dog» er det Forest Whitaker som briljerar i rolla som den urbane samuraien med same namn. Etter å ha blitt redda av Louie åtte år i forvegen viar han no livet sitt til denne lokale mafiatilkopla gamlingen.

Når eit tilsynelatande feilfritt oppdrag likevel går feil, kanskje som følge av italienarane si tomme dagsorden, blir den stille kvardagen til Ghost Dog broten.

Blandinga av samuraiskikkar, rapbeats og musikk av RZA, urbant miljø og ein mann med beina innanfor alle desse punkta gir meg klare tankar til «Samurai Champloo». Kva er «Samurai Champloo» spør du kanskje, om du ikkje har besøkt sida før? Det er ein hip-hop inspirert samuraianime som underteikna likte ganske godt når han tenker seg tilbake.

«Ghost Dog» som film er ikkje berre tøff med sine smarte nedskytingar, den køyrer stil og tek det med ro der det ikkje er bruk for fart. Nøye planlagte improvisasjonar i handlinga har som regel ein baktanke, som når ei politidame blir nedskoten og unnskyldninga blir at det er likestillinga sin feil.

Med alt dette skrytet ovafor om filmen er det vel ingen tvil om at eg likte den godt. Ikkje alle samuraiordtaka innimellom gav meg meining, men skapte utvilsomt ei god stemning rundt filmen. Om den er i overkant med sine 2 timar så gled deg over at det er 2 gode timar!

8/10

Coffee and Cigarettes (2003)

IMDb: 6.7/10 (5,565 votes)

Coffee and CigarettesMeiningslause samtalar mellom interessante menneske. Det er i grunn ikkje så mykje meir å sei om denne filmen. Eg trur det er veldig humørbestemt korleis ein tolkar denne filmen.

6/10

Broken Flowers (2005)

IMDb: 7.5/10 (6,125 votes)

Broken FlowersEg har ikkje heilt den store tiltrua til folk, og tenker med ein gong når eg har funne ein fin, roleg og spesiell film, at eg nok er den einaste som vil like den. Det tenkte eg etter å ha sett denne og. Jim Jarmusch har skrive og regissert denne gode blandinga av bilder, lyd og ei rar historie, og Bill Murray passar perfekt som det rare midtpunktet. Ingen overraskande rolle for han etter å ha spelt i «Lost In Translation» og «The Life Aquatic with Steve Zissou».

Eit par andre interessante ansikt dukkar også opp: Ryan Donowho (Johnny i «The O.C.») og Alexis Dziena (Kira i «Invasion»). Dziena sin rollefigur Lolita refererar direkte til Nabokov sin lyriske og mørke komiske roman utan utan å vere heilt klar over at med kvart einaste forførariske slikk på kjærleik på pinnen, så følger ho romanens skjebne.

Som konklusjon til denne filmen vil eg enkelt å greitt seie at eg vil foretrekke denne framfor «The Life Aquatic with Steve Zissou».

7/10