Hadde nokon bedt meg samanlikne taiwanske Lin sin stil med ein anna regissør hadde eg sagt Ki-duk Kim. «The Most Distant Course» er ein poetisk film om lyd og kjærleik. Xiaotang sender lydopptak til adressa han trur ekskjærasten framleis bur ved, der har imidlertidig Acai flytta inn, og ho opnar etter kvart konvoluttane og forelskar seg i lydopptaka. Den tydelegaste forskjellen eg finn mellom Lin og Kim, ved å sjå på «The Most Distant Course» vs. dei to-tre av Kims eg har sett, er at denne filmen innheld humor som verkemiddel. Likevel er det ein vakker og trist film, vakker i både bilde, lyd og menneske, trist i kjærleiken. Som tittelen hintar til handlar dette om avskilte livsforløp, men likevel så tett knytta at det nærast gjer vondt å følge desse personane som lengtar etter noko meir og som me veit kunne ha passa i lag.
