IMDb: 7.7/10 (32,722 votes)
Super 8 er eit action-kalas frå J.J. Abrams, forma etter Spielbergske grunnprinsipp. Ein underhaldande kinofilm med valdsame spesialeffektar, barn i hovudrollane og familie i oppløysing som deler av problematikken.

Super 8 er ein ellevill barnefilm (aldersgrense 11 år). Etter at eit tog med mystisk frakt sporar av i ein småby i Ohio, kjem militære og snur kvardagen for innbyggjarane opp/ned. Rare ting byrjar å skje, og midt oppi det heile møter vi Joe og vennene hans, som var tilstades då avsporinga skjedde.
Handlinga går føre seg i 1979. Mangelen på direkte informasjonsflyt legitimerer til ei viss grad forvirringa og bygg opp under det mystiske som skjer. Dette eg òg tilbake til ei tid då filmar som Close Encounters of the Third Kind og E.T.: The Extra-Terrestrial kom ut, Spielberg-filmar som Super 8 har fleire fellestrekk med.
Gjennom Joe og vennene ser vi filmen frå ståstaden til barn. At det som skjer er overveldande scener i utgangspunktet, blir berre forsterka av dette og til dels humoristiske vendingar. Replikkane som blir slengt fram og tilbake er gjort med presis timing og poenga er som regel tatt på kornet.
Fram til siste del av filmen er Super 8 intet mindre enn lett å bli oppslukt i. Det er når klimakset nærmar seg og avrundinga byrjar at den snille sida ved filmen viser seg å vere i overkant. Klisjeane blir for tydelege og legg seg oppå kvarande ein etter ein, og eg mistar heilt interessa for å følgje med, ettersom det blir så altfor opplagt kva veg det vil gå.
7/10
22 episodar.
«Alias» vekka aldri interessa hjå meg før no nyleg, eit bilde av Jennifer Garner i fargerike parykkar som slengte seg rundt i wires og snappa opp antikke objekt tiltrakk meg aldri, men så var det stort sett ikkje meir eg visste om serien. Sett bort frå at J.J. Abrams står bak serien. Mannen bak «Lost» og haustens ferske sci-fi på FOX, «Fringe», var ein av grunnane til at eg til slutt valgte å finne ut kva «Alias» eigentleg dreia seg om.
Garner spelar hovudrolla Sydney Bristow, ved sidan av å vere litteraturstudent har ho jobb som agent i SD6, ein jobb som ho i 7 år har trudd er del av CIA. Så ein dag finn ho ut sanninga, det er då ho bestemmer seg for å ta kontakt med det ekte CIA, for å hoppe eit par minuttar fram i tid (alt dette skjer naturleg nok i første episode) så endar Sydney opp med å bli dobbeltagent for CIA i SD6.
Når eg gjekk til serien såg eg for meg ein serie som bygg opp nye oppdrag i kvar einaste episode, frå start til slutt, sånn er heldigvis ikkje «Alias», og nettopp måten serien er bygd opp på gjer at eg stadig får lyst til å sjå vidare. Enkelte episodar kan innehalde opp til tre spenningssekvensar eller oppdrag, ein avsluttande bit frå forrige episode (som då har blitt avslutta med ein solid cliffhanger), etterfulgt av eit oppdrag midt i episoden og ein del av eit siste mot slutten. Dette er likevel ingen rutine, serien har andre karakterar med eigen trådar som kan få lengre bitar (enn vanleg) av episodane viss det skjer mykje spennande der. Tempoet er høgt og nettopp denne balanserte fokuseringa på det mest spennande er med på å gi serien inntrykk av å respektere sjåaren sitt drag mot løysingar framfor å halde oss på tå i det uendelege.
Krysningar av trådar som glir over fleire episodar er eit mønster som har blitt meir utspekulert i den seinare serien til Abrams, «Lost», seriane er forskjellige nok til at å vurdere kven som gjer det best blir vanskeleg, om mogleg. Mystikk er noko som finst i begge, «Alias» som handlar om agentar, internasjonale undercoveroppdrag og high tech gadgets har også ein større tråd gjennom episodane knytt til ein 500 år gammal oppfinnar med profetiar som dei fleste etterretningsvesena i verden er ute etter å finne meir ut om.
Kort sagt byr «Alias» på langt meir enn forventa. Forventa var eigentleg ei oppbygging lik det meste innanfor detektimen, det som blir servert er spenningsfulle agentsprell ispedd litt mystikk, strukturert litt som «Lost», utan dei altfor mange ubesvarte spørsmåla (nokre er det jo, det er ein bra ting).
IMDb: 6.8/10 (25,943 votes)
Med nyheitene om at Cruise/Wagner har starta opp igjen United Artists i tankane satte eg med ned for å sjå den tredje filmen i «Mission: Impossible» serien. Regissert av mannen bak «Lost», J.J. Abrams, er «Mission: Impossible III» ein betre film enn forgjengaren i mine auger.
Tom Cruise er nok 44 år, men klarar seg utmerka i rollen som Ethan Hunt. Hunt, som er nygifta og lever eit normalt liv på overflata blir i denne filmen kalla inn igjen i feltteneste for å redde ei agent som er fanga. Med utgangspunkt i dette blir han drege inn i ei mykje større sak.
Dette er ein god actionfilm, og har meir enn eit par kjente namn på lista. For dei med kjennskap i TV-verden er det meir enn namnet til J.J. Abrams som dukkar opp her, i form av veldig små rollar dukkar eit ansikt frå bl.a. «Heroes» opp, samt andre. Utan å legge for mykje vekt på dette vil eg eigentleg gå over til hovudgreia her, som er at filmen er jamnt over ein spennande og velprodusert Cruise/Wagner produksjon, og lyden på DVD-utgivelsen er noko av det beste eg har høyrt: Skarp og tydeleg, og god bass.
7/10
24 episodar.
Den andre sesongen av «Lost» har i litt for stor grad vore prega av fillers. Ein periode midt inne i sesongen gav eg faktisk opp å følge med fast, og måtte spare opp nokre episodar for i heile tatt å få glede av å sjå på serien. Sesongen starta ganske intensivt, og framleise tempoet frå sesong-finalen til første sesong i nokre episodar før det heile roa seg ned. Ikkje før det var rundt 4 episodar igjen av sesongen blei tempoet auka merkbart igjen.
Innhaldsmessig har serien utvikla seg til å sette større krav til sjåaren. Fleire og fleire uforklarlege ting har skjedd, og mange av dei har ikkje blitt tatt opp igjen. Sånn sett har denne sesongen vore litt frustrerande, sidan den nesten ikkje har gitt nokon forklaringar, men heller ting å undre over. Utan å avsløre noko kan eg nemne at sesongfinalen tek opp igjen ein del trådar, både frå første og andre sesong til publikums glede. Ein får nokon forklaringar, og nokon nye spor så ein kan prøve å tenke seg løysinga på ting sjølv. J. J. Abrams sa tidlegare i vår i eit intervju med TV.com at denne dobbelepisoden av ein finale skulle bli: «[The] Best. Finale. Ever.». Alle utsegn av denne typen er å ta med ei klype salt, men personleg tykkte eg likevel finalen i første sesong var betre. Det støre spørsmålet eg stiller no etter endt sesong er i kva grad den tredje sesongen blir fyllt med fillers.
Eg har verka litt vel kritisk i dette innlegget, men meinar framleis at serien er god og har mykje å komme med framover. Likevel har «Lost» for meg gått frå å vere ein av fjorårets beste seriar til å bli ein grei serie dette året. Eg er rimeleg open for kva som skjer neste sesong, og har planar om å fortsette å følge fast med på serien, om tempoet ikkje synk til det uutholdelege.
25 episodar.
Serien avslutta innleiiande sesong med ein dobbelepisode, full med spenning og mykje som skjedde heile vegen var eg rett og slett litt paff, og sat igjen som eit einaste stort spørsmålsteikn. Eg kan ikkje unngå å tru at det må vere noko mystisk som føregår på/med øya, men det er også dei folka som er der, kva med dei? Kven er dei, og kva dei har føre seg er eit godt spørsmål. Kva er gøymt under luka?
Ein ting som er sikkert er at eg fekk lyst til å sjå sesong 2, noko eg reknar med var tanken bak denne episoden. Eg håpar berre eg får sjansen til å følge med på den, for skule må prioriterast. Eg har jo «Desperate Housewives», «Smallville» og «The O.C.» å sjå fram til og.