Andre del, «An Evening with Kevin Smith 2: Evening Harder», er stort sett same opplegget som første filmen, berre ikkje samansett av mange ulike framtredenar. Her har du del 1 frÃ¥ Toronto og del 2 frÃ¥ London. Han gjentek ikkje seg sjølv og held det nesten like bra gÃ¥ande som i den førre videoen. Alt i alt er ikkje det sÃ¥ mykje interessant her som i den førre, utan at eg kjem til punktet der eg kjedar meg heller. Det er framleis gøy, og det held seg sikkert bra gjennom den tredje slike samlinga som kjem snart, «Kevin Smith: Sold Out». Noko som var med pÃ¥ Ã¥ gi denne boksen ein anna dimensjon er at kona til Kevin Smith, ei dame ved namn Jennifer Schwalbach Smith som har vore med i mindre rollar i bÃ¥de «Clerks II» og «Jay and Silent Bob Strike Back», er tilstades blant publikum under Toronto-besøket, og mora til Kevin Smith er tilstades i London — som blir ganske drøyt nÃ¥r han bannar og steiker og snakkar om intime detaljar frÃ¥ privatlivet sitt i sÃ¥ stor grad som han i blant gjer. Tolk meg ikkje feil, det er ikkje tull desse videoane, dei er berre ein uhøgtidleg tone i forhold til det f.eks. Woody Allen ville ha holdt.
Første del, «An Evening with Kevin Smith», kom i 2002 og er samansett av materiale samla frå 5-6 ulike college som Smith besøkte, der han i høgtidleg tone svarar publikum på seriøse, mindre seriøse og useriøse spørsmål. Dei som kjenner filmane til Kevin Smith veit at det blir mykje banning og vulgært snakk i mannens nærver, og i løpet av denne videoen blir det så absolutt stadfesta. Dette betyr ikkje at det berre er kødd med opplegget, han har ein haug med gode, morosame og interessante historiar og opplysningar å komme med, desse tenar på at han ikkje legg lokk på noko som helst i forteljingane sine. Av nemneverdige bitar som går an å gjenfortelje ideen rundt er då han i detalj fortel korleis han møtte kona si og hadde sex med ho første gong, korleis penisen hans under «gnikkinga» før dei tok av seg kleda skrapa opp på innsida av glidelåsen, men han likevel gjekk for samleie, sjølv om det etterkvart føltes som å putte pikken i batterisyre. Ein anna historie er når han brukar 10-15 minuttar på å fortelje om møtet sitt med artisten Prince som ein av dei sjukaste personane han har møtt.
