Reprise (2006)

IMDb: 7.6/10 (646 votes)

Film nr. 1000.

Reprise«Reprise» som ein av årets beste norske filmar enda opp med å bli den eg aldri fekk sett, som eg gjerne hadde lyst til å sjå. Det stod vel på viljen kan eg tenke meg, eg har det med å aldri få sett filmane eg verkeleg har lyst til å sjå, spesielt når det gjeld kino.

Eg kan sei det først som sist, «Reprise» var ein svært gledeleg opplevelse. Det blir feil å samanlikne med Tatt av kvinnen, for dette er to vidt forskjellige filmar, likevel vil eg påstå dei er omtrent like vellykka i sjangrane sine, med ein liten knapp på «Reprise». Under filmen sat eg med inntrykket av å lese ei bok, det er forordet, hovuddelen og etterordet, krydra med tilbakeblikk og andre avstikkarar som aldri går utover dei viktigaste figurane. Som med ei god bok blei eg aldri sittande å tenke på kor i historia eg var komme og kva som ville skje før slutten, det var nok med å følge med her og no.

«Reprise» hamnar aldri i eit førehåndsdefinert spor, er frisk og behandlar tematikken sin utan å bli klisje. Blandinga mellom tragedie og komedie passar godt, det blir aldri for tragisk eller for komisk. Dessutan handlar «Reprise» om spirande forfattarar i ein vennegjeng, ein god måte å la filmen bli sjølvbevisst på.

Mykje eg skulle ha nemnt, men eg er redd det aldri vil bli ei rettferdig beskrivelse. «Reprise» er vellykka både teknisk og på manussida, den gir noko ekstra som får den til å stikke seg ut, både blant norsk og internasjonal film.

9/10