The ‘burbs (1989)
User Rating: 6.1/10 (10,532 votes)
Midt i USA i eit typisk amerikansk nabolag bur Ray Peterson (Tom Hanks). Vel, så altfor typisk er det ikkje, noko eg kjem tilbake til etterkvart. Ray har ferie, og har valt å ta den heime for å sleppe maset med reising. Men på grunn av den fantasifulle naboen Art (Rick Ducommun) blir ferien langt frå roleg. Saman med eks-militant Mark (Bruce Dern) går dei etter den nye mystiske nabofamilien som flytta inn ved sidan av Ray for 1 månad sidan, og som dei sidan ikkje har sett snurten av.
Det heile startar på klassisk Hitchcock-vis, som i «Rear Window», med ei manns kjedsomheit i sommarvarmen, og trangen til å finne noko å bli engasjert i. Men her sluttar og likheiten, for der Hitchcock har klart å lage ein nervepirrande film blir dette berre eit komisk skue som fort dabbar av. Stort sett heile filmen bygger på skape ei mystisk stemning ved å bruke eit forfallent hus, orgelmusikk, skjult aktivitet i kjellar og slike greier. Det er nok meint å vere meir morosamt enn skummelt, det er det ingen tvil om. Men eg trur dei som får mest ut av denne er dei av yngre alder som får både humor og ei uhygglege stemning ut av det.
Eg skal ikkje avfeie at det var ei umorosam affære, delar av filmen fekk meg nok til å le. Men forutan dette er filmen ribba for ting eg finn interessant eller har glede av. Det blir difor langdryge, og etter halve filmen ser eg heller ikkje særleg fram til slutten, uansett korleis det skulle ende. Skal eg oppsummere i eit ord blir det banalt, litt humor altså, men mest tamt.
E. Iversen har også sett filmen, og synst noko heilt anna om den.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10


(1 hittil)