O Brother, Where Art Thou? (2000)

IMDb: 7.8/10 (69,616 votes)

Med «O Brother, Where Art Thou?» bak meg er eg ajour med eit prosjekt eg har hatt i bakhovudet i lengre tid no, nemleg alle Coenbrødre-filmane. Grunnen er enkel, dei eg hadde sett allereie før innspurten som bestod av fire filmar for tre dagar sidan, var gode og gav meg lyst til å sjå resten som var blant dei mest rosa i filmografien deira.

«O Brother, Where Art Thou?» er basert på sjølvaste Odysseen av Homer, ei historie eg aldri har lese originalen til, men fått fortalt i eigne versjonar både via Donald Pocket og anna nok til at eg kjenner til grunntrekka. Her handlar det om tre fengselsfuglar på flukt i Coens favorittmiljø, ein stad i sørstatane, spelt av George Clooney, John Turturro og Tim Blake Nelson. Den litt komiske flukta deira er krydra av eventyrlege møter og spirituell musikk og resultatet blir ein spelefilm av det fullkomne slaget.

Definitivt ein av Coens betre filmar. Frå før av var det vanskeleg nok å skilje ut ein favoritt i filmografien, det blei ikkje lettare no.

8/10

The Hudsucker Proxy (1994)

IMDb: 7.4/10 (23,485 votes)

Tredje del ut i mitt firefilmarsløp av gjenståande Coenbrødrene-filmar er den fiksjonelle forteljinga om oppfinnaren av rockeringen.

«The Hudsucker Proxy» handlar om ein vanleg mann som får sjansen til å bli president i eit gigantisk New York konsern. Norville Barnes (Tim Robbins) er ikkje den smartaste av menn og blir hyra til å drive aksjekursen ned. Filmen fortel historia om Barnes raske stiging i forretningsverden og problema som møter han der.

Ikkje berre er handlinga satt til eit 1950-tals miljø, store delar av filmen er direkte inspirert frå 1940-talsfilmar om vanlege menn, type Frank Capra filmar. Heile vegen ser foto bra ut, karakterane er ikkje stor å utsette på heller, men når aldri toppen i interessehierakiet. Det er få, om ingen direkte svakheiter å sette fingeren på, kanskje fordelinga av dei ulike stadia i filmen er litt snodig ein gong i blant, spesielt partiet der Barnes oppfører seg som drittsekk i toppstillinga virkar å vere litt brå med tanke på kor sentralt dette partiet er.

Noko var det iallfall som fekk meg til å tenke på dette som hakket svakare film i rekka av Coenfilmar enn gårsdagens «Barton Fink», likevel skal det seiast at dette er ein sterk film som aldri blir kjedeleg.

7/10

Barton Fink (1991)

IMDb: 7.7/10 (21,445 votes)

Etter gårsdagens heller skuffande oppleving med «Raising Arizona» var det ein opptur å sjå Coens 1991-film «Barton Fink» med John Turturro og John Goodman. Grunnen til oppturen er så mange, men eg skal prøve å trekke fram dei mest sentrale grunnane til at eg fann «Barton Fink» å bli ein god film.

Noko av det første som slo meg som positivt var auge for detaljar Coenbrødrene har hatt når dei har laga filmen, stemninga på hotellet der store delar av filmen er godt gjennomført, kanskje berre toppa av «The Shining», mykje på grunn av alle detaljane forfattaren som er hovudpersonen (John Turturro) observerar under opphaldet sitt. Godt hjulpe av musikk her sjølvsagt.

Når det gjeld observasjonane som blir gjort framstår mange av dei som poetiske augeblikk der det aldri blir tomme bilde for oss publikum, det skjer noko i desse stille stundene (litt musikk her og då, ok) som gjer at tankane blir leia inn på baner som eg rekna med det er meiningen me skal bli leia inn på, utan at noko blir sagt.

Filmar om forfattarar er noko eg har sansen for, slik er det med den saken, her er heile historien enkel nok, men kombinasjonen av skriveblokk og mørk thriller (under overflata) gir eit spennande preg over ein film det eigentleg ikkje skjer så mykje i.

Når alt kjem til alt var det mest den gode stemninga eg beit meg merke i, det var ein fryd å ta inn over seg denne filmen.

8/10

Raising Arizona (1987)

IMDb: 7.5/10 (34,951 votes)

«Raising Arizona» var ein av fire filmar eg hadde liggande usett av Coenbrødrene for å bli ferdig med filmografien deira. Dei neste tre, «Barton Fink», «The Hudsucker Proxy» og «O Brother, Where Art Thou?» skal bli forsøkt sett dei neste dagane.

«Raising Arizona» var den andre filmen ut frå brødreparet, som tre år tidlegare laga den tøffe krimthrilleren «Blood Simple». Denne gongen prøver dei seg på kombinasjonen av komedie og krim og lukkast diverre ikkje heilt med dette. I hovudrollen har finn me Nicolas Cage som den vanekriminelle HI som etter å ha funne kjærleiken til politidama Ed (Holly Hunter) må prøve å komme seg på rett kjøl, samlivet deira møter etter kvart ei hindring når Ed ikkje kan få barn og HI si fortid hindrar adopsjon.

Filmen har nokre små artige bitar her og der, først og fremst på grunn av til tider friskt formulerte samtalar, her er også nokre kjente ansikt som dukkar opp og skapar grei underholdning. Heilheitsmessig er nok likevel «Raising Arizona» ein ganske tam opplevelse der eg mest blir sittande å tenke på at Holly Hunter var ganske søt på den tiden enn å interessere meg for handlinga. Det er heller ikkje av Nic Cage sine betre filmar, spelemessig.

Eg følte denne låg på kanten til det verre, men at den aldri blei direkte bortkasta tid heller. Kanskje fordi det var Coen og at Coen var grunnen til at eg såg filmen i utgongspunktet.

5/10

Blood Simple. (1984)

IMDb: 7.7/10 (16,959 votes)

Blood SimpleFørste filmen til Coen-brødrene er ei blodig affære frå tidleg 1980-tal som også markerar debuten til Frances McDormand, eit av dei ansikta som har det med å dukke opp i Coen-filmar (som «Fargo» og «Raising Arizona»). Med seg har ho John Getz, Dan Hedaya og M. Emmet Walsh som spelar viktige rollar. Eit budsjett på 1.5 millionar dollars er ikkje det aller meste, men ikkje dumt med tanke på at dette er ein debutfilm. Om dette satte begrensingar for den tekniske delen og førte til at bilde er 4:3 og ikkje proff kino-widescreen er for meg usikkert. Reint bortsett frå dette er det lite som er verdt å nemne med tanke på utstyr iallfall.

Utløysande årsak til den tøffe krimthrilleren som følger er det typiske utruskapet med ein sjalu ektemann på andre sida som har fått greie på det som utviklar seg bak ryggen hans. Han hentar inn hjelp via privat etterforskar og heretter ballar det berre på seg.

Det er ikkje så mykje blodet som gjer dette effektivt, sjølv om det skal nemnast at det har gått med mange liter teaterblod, som det er bruken av low-key og oppfinnsomme kameravinklar, nervepirrande stillheit og venting. Action er det nok av, men det er ventinga som er spennande og måten den knappe dialogen fører til at berre me som publikum har oversyn over alt som skjer, utan at det blir verken irriterande eller dumt å sjå karakterane styre med sitt.

«Blood Simple» blir i filmen beskrive som ein tenkemåte som følger av lengre involvering i valdeleg prosedyre, men kan like gjerne beskrive framgongsmåten. Mykje av spenninga låg for min del i dei simple framgongsmåtane som sjeldan tek hensyn til framtida. Simpelt er nok meir negativt enn rettferdig er, her brukar eg det altså til fordel for filmen.

Utan Ã¥ dra dette sÃ¥ mykje lengre… Likar du kombinasjonen Coen med krim/thriller, sÃ¥ vil du like dette.

8/10

No Country for Old Men (2007)

IMDb: 8.3/10 (165,278 votes)

No Country for Old MenCoens har samla mellom anna Tommy Lee Jones og Josh Brolin for denne brutale skildringa av dei skitne sidene til Texas. Ei historie som vanskeleg let seg oppsummerast blandar inn pengar og ein (u)heldig finnar, ein psykopat, politimannen som ser ut til å ha opplevd verre før, støv og blod. Miljøet (Texas, småby og storslått ørken) og rollefigurar utgjer til tider ein veldig bra film, med ekstra trykk på ordet film, då det ikkje virka å vere lagt vekt på ei skildring av tankar og indre psyke så mykje som at ting skjer, noko eg er redd eg kan ta frykteleg feil ved å påstå. Det er gitt rom for mange originale idear, der ein med vilje blir ført bak lyset av Ethan/Joel. Siste kvarteret eller så raknar det diverre litt, då den gode strukturen løysnar og ei rekke forsøk på å gjere opp trådane snublar litt i seg sjølv. Som med «Crash» er det her nokre scener som får det til å gå kald oppover ryggen på ein, psykopaten sjølv (Javier Bardem) er direkte skummel og ei fin framstilling av det onde.

7/10

Paris, je t’aime (2006)

IMDb: 7.5/10 (7,826 votes)

Paris18 kortfilmar utgjer «Paris, je t’aime» («Paris, eg elskar deg»), der 21 regissørar har fÃ¥tt boltre seg innan den franske hovudstadens grenser. Eit samarbeid mellom britiske, franske og amerikanske gjer at det dukkar opp kjente ansikt bÃ¥de framfor og bak kamera pÃ¥ tvers av geografien. Det handlar lite om kven som har gjort kva dÃ¥ kortfilmen er eit utradisjonelt omrÃ¥de for mange av deltakarane og det til slutt er filmane framfor namna om dette fengar. Felles, som tittelen siktar til, er kjærleik i Paris det sentrale temaet. At ein veit dette gjer at mangelen pÃ¥ anna samanheng er uvesentleg, dÃ¥ det blir skapt ei heilheit av bitane.

Eg skal ikkje graute for mykje rundt omkring namn og Paris, sjølv om sistnemnte gjer seg godt pÃ¥ film og fortenar mangt eit godord som stemningsbyggar. «Paris, je t’aime» stÃ¥r som heilheitleg filmopplevelse pÃ¥ antall innslag av gode mot mindre gode kortfilmar. Eit fÃ¥tall stod seg ut som filmane med det vesle ekstra, der alt klaffa, mange av kortfilmane var gode og fekk fram smÃ¥ historiar utan Ã¥ trykke pÃ¥ alle dei rette knappane, skuffande nok var det godt og vel halvparten (pluss eller minus) som ikkje var meir enn ok. Desse ok kortfilmane var enten forvirrande utan Ã¥ gi inntrykk av Ã¥ skulle forvirre, tomme for kjensler utan Ã¥ skulle vere tomme, eller kortfilmar pÃ¥ middelmÃ¥dige historiar/handlingar som ser ut til Ã¥ ro seg i land pÃ¥ eit kjent namn bak eller framfor kamera. Desse mangla gjerne fingeravtrykk og framstÃ¥r som kortfilmar det ikkje er verdt Ã¥ nemne.

«Paris je t’aime» er ein fin kollaborasjon, men deler trekk det ned sÃ¥ eg aldri blir sittande med godkjensla lenge i gongen. Det eg mest av alt kunne tenke meg var ein «best of» pÃ¥ ca halvparten av tida, problemet i sÃ¥ fall hadde vore at andre som ser filmen nok har andre favorittar blant kortfilmane og ser andre verdiar i samanhengen mellom desse.

6/10

Fargo (1996)

IMDb: 8.2/10 (75,867 votes)

FargoDenne filmen har heimsøkt meg i nokre år no. Eg har sett tittelen overalt, inkludert IMDb top 250. Eg må innrømme, eg har holdt meg borte frå filmen, pga. førsteinntrykket mitt av filmplakaten. Eg veit ikkje heilt kvifor, men det er noko med dei store raude bokstavane med den kalde kvite snøen i bakgrunn eg ikkje likar. Kanskje det er fordi det får meg til å tenke på ein skada person som berre ventar på å fryse ihjel? Ingen kjekk tanke.

Men no har eg fått sett filmen, og eg var positivt overraska. Filmen er rå, har brutal vald, og forsøker ikkje å skyve råheita under teppe med kunst. Rollefigurane er alt anna enn kjedelege, tilogmed Jerry Lundegaard (spelt av William H. Macy), ein person du skulle tru ville misse forstanden fullstendig, overraskar i sin rolege veremåte. Så filmen unngår å bli slitsomt, men er ein god thriller. 90 minuttar går fort.

7/10

Miller’s Crossing (1990)

IMDb: 7.9/10 (17,402 votes)

Millers CrossingLangt frå den bestem gangsterfilmen eg har sett, men noko må ein starte nyåret med. Eit godt forsøk på ein lur historie, det skal dei ha! Coenbrødrene veit nok kva dei driv med. Men måten dei har fullført denne på vil for meg aldri nå høgt. Den er nok ikkje kjedeleg, men heller ikkje givande. Viss du vil ha noko bra gangstermateriale, så bør du heller sjå noko av Scorsese.

8/10

The Ladykillers (2004)

IMDb: 6.4/10 (6,009 votes)

The Ladykillers 2004Genialt morosamt, sitert IMDb: eksentrisk og sjarmerande film.

6/10