Batman & Robin (1997)

IMDb: 3.5/10 (62,070 votes)

«Batman & Robin» er blant dei mindre gode superheltefilmane, dette var eg fullstendig klar over før eg gav meg i gong med den, difor styrte eg også bevisst unna spor om kor dårleg den var, som poengskalaen på IMDb og andre filmmeldingar. At eg ville sjå den er eit ledd i Batman filmperiode eg er inni.

Det einaste vesentlege spørsmålet å stille seg til Joel Schumacher sin andre Batmanfilm, denne gongen med George Clooney som mannen bak maska, er kor dårleg den eigentleg er. For alle som har sett litt av den veit at det ikkje er meining å stille seg spørsmålet kvifor den er dårleg, det tek ein for gitt.

Så dårleg er den: Blant Arnold Schwarzenegger topp 3 verste. Uma Thurman gjer århundrets verste superskurk. George Clooney er kjedeleg som ei stilna dansk vindmølle. Kombinasjonen kostymer, kulisser og kamera utgjer eit resultat Ed Wood ville ha vore skeptisk til. All form for dialog er som førsteutkastet til «Catwoman».

Oppbygginga av filmen med innfletting av ulike karakterar og måten ting utfoldar seg på gir ikkje meining, det einaste som kan seiast å vere tøft i «Batman & Robin» er oversiktsbilda av Gotham City. Den einaste som gjer ei god rolle er Elle Macpherson fordi ho stort sett held munnen lukka og ser pen ut.

2/10

Batman Forever (1995)

IMDb: 5.4/10 (56,258 votes)

«Batman Forever» er eigentleg ikkje så mykje dårlegare enn forgjengaren, «Batman Returns», den legg seg på å vere ein heilt grei film, har sine små irriterande sider og nok fart og spenning til å halde det gåande som underholdning.

For å ta det positive først, Val Kilmer utgjer ein meir karismatisk Bruce Wayne og har ei tøffare Batmanstemme, Tommy Lee Jones går verkeleg inn i rolla som Harvey Two-Face Dent og det er som nemnt ein god del fart her, heile tiden skjer det noko.

Det negative er lette Ã¥ finne fram til, ingenting er særleg djupt begrunna, Nicole Kidman stÃ¥r for ein ganske flat karakterprestasjon, kamera er ei overdriven etterlikning av dei forrige filmane og framstÃ¥r som rotete og uprofesjonelt. Lista er lang og blir lengre nÃ¥r Chris O’Donnell som Robin dukkar opp.

Likevel synst eg dette gjekk heilt greitt i boks, kanskje fordi Joel Schumacher klarar å halde det non-stop med action slik at eg ikkje tok meg tid til å gruble for mykje undervegs, kanskje fordi enkelte dårlege valg frå regissøren satt til side så er ikkje essensen i historia her så mykje annleis enn tidlegare, noko som eg synst talar til fordel for filmen. Du har dei klovneaktige skurkane på eine sida og Batman på den andre.

Hadde skalaen vore meir fleksibel ville den nok hamna nærmare 6, men sett i forhold til tidlegare filmar som «Batman» og «Batman Returns» så er denne svakare, i så måte at den framstår som mindre smart og enklare satt saman.

5/10

The Number 23 (2007)

IMDb: 6.3/10 (22,901 votes)

23Jim Carrey heng seg opp i talet 23 og finn ut at alt kan koplast til det. Ganske tullete å lage film av, men å tolke alt som ei kopling til 23 er visst ganske populært, og det har vore laga film av rarare ting.

Rart i denne samanhengen er ikkje bra. Filmen strevar med Ã¥ finne eit dugeleg spor Ã¥ følge, men blir strevande som ein bakfull pingvin pÃ¥ nordpolen. Cheesy bildekonstruksjonar frÃ¥ boka Carrey blir opphengt i, fÃ¥ forstyrrande bilde og ein familie som faktisk er funksjonabel høyrer i mitt synspunkt ikkje heime i ein slik film. No er rett nok filmen «Rated R», men kunne nesten fÃ¥tt «PG-13″. I Noreg er den meir fornuftig plassert pÃ¥ aldersgrense 15.

Når filmen prøver å løyse opp i problema den har skapt for seg sjølv tek den steget heilt ut på jordet og ror i land forklaringar som i tilfelle dei i er knytta til spor tidlegare i filmen har vore off-screen.

Jim Carrey er faktoren i filmen eg stadig kjem tilbake til. Naturleg nok når han er hovudpersonen. Han gjer i og for seg ein god jobb med det tynne materiale han har fått utlevert og ER faktisk rollefiguren sin her.

Om «The Number 23» er ein film som er verdt å sjå tek eg sterk avstand i frå å ytre meg om, sjølv om eg ikkje slaktar filmen. Sjølv om eg stort sett har ytra meg negativt her.

5/10

Bad Company (2002)

IMDb: 5.4/10 (6,821 votes)

Bad CompanyChris Rock og Anthony Hopkins.

5/10