Nordmenn lagar bråk nær ein amerikansk base på Antarktis og lokkar den fargerike gruppa av yankees i trøbbel med imitasjonsglade opptinte organismar frå verdsrommet.
«The Thing» er John Carpenter frå tidleg 1980-tal. Når denne mannen gjer ting rett så står det ikkje tilbake på at resultatet blir bra. Ei gruppe menneske lokalisert utanfor allfarveg, som kjempar mot eit mystisk og truande vesen, er ei oppskrift som stadig blir kopiert. No påstår eg ikkje at Carpenter var først ute (var han?), men han lykkast i å skape ei god og klaustrofobisk opplevelse innan sjangeren.
Heller ikkje groteske bilde står det tilbake på. Deformasjonar, formasjonar og kroppsdeler i rask utvikling har eg ikkje sett liknande av anna enn hjå David Cronenberg. Når eg blir spart for dårleg CGI som her er det nok til at ting føles ekte, og ekkelt.
Lengda blir filmen si svakheit. 1 time, 40 minuttar — det er ikkje all verdens, men med ei historie som denne blir det dødtid mot slutten. For Ã¥ gÃ¥ feil retning, bakover i filmen, sÃ¥ vil kanskje nokon nikke og sei seg samde i nÃ¥r eg trekk fram celleutviklingssekvensen (pÃ¥ PC-skjermen til doktaren) som unødvendig lang. SmÃ¥ting som kunne vore annleis. Men heilheita er god!

Det skal ei god vurdering til for å velje å sjå denne filmen om ein har sett 2005-versjonen. For remaken med Tom Welling og Selma Blair er langt i frå solide saker. I forhold til denne er den strippa for gode skodespelarar, påpøsa med unødvendig dramatikk.. ja, generelt gjort verre.