James Stewart, John Wayne og Lee Marvin, for eit stjerneteam. Stewart spelar nyutdanna advokat som kjem frå siviliserte aust til Shinbone i vest, han møter trøbbel i form av Lee Marvins Liberty Valance allereie før han når byen. I Shinbone er alle, utanom ein, redde for Valance, som herjar både by og omegn med den notoriske banden sin. John Wayne som Tom Doniphon er Mannen Med Mot og viser stor dyktigheit med revolvaren i handa. Advokat Stoddard har tross møte med Valance framleis den nesten naive trua på det amerikanske rettsvesen i behold, og eg trur på han etter å ha sett Jimmy stå for denne karakteren i den fantastiske «Mr. Smith Goes To Washington». «The Man Who Shot Liberty Valance» handlar forutan det opplagte om to sterke, men vidt forskjellige menn, deira møte, deira kamp for ei frøkens hand og deira kamp for rettferdigheit. Ingenting spesifikk å utsette på denne, magekjensla landa på ein 8-ar. God film.
«The Searchers» skal visst vere ein av dei betre filmane med John Wayne, regissert av John Ford. Eg kan skrive under på at den er god. Filmen strekker seg over eit større tidsrom på ein roleg og elegant måte som rettferdiggjer endringane i forholdet hovudkarakteren Ethan Edwards (Wayne) har i forhold til niesa si. Niesa blei tidleg kidnappa av indianarar og er årsaka til søket i første omgang. Wayne er godt plassert, men står på ingen måte åleine. Jeffrey Hunter som ste-nevøen Edwards har følge av taklar overgongen frå ung og ivrig til meir reflektert på ein god måte. Handlinga er stabil og blir aldri kjedeleg. Dessutan er alt filma i flotte omgivelsar som skapar ei passande stemning.
Dette var eigentleg ein treig westernfilm, der historie i seg sjølv verken er komplisert eller lang. Det er ingen problem å følge tården, og dette gjer den til deg likar å kalle ein avslappande film. Henry Fonda, som spelar den avslappa Wyatt Earp, gir meg assosiasjonar til John Cleese. Han har det same smilet, likevel om han ikkje er noko komikar.
- Mac… you ever been in love?
- No, I’ve been a bartender my whole life.
Tema er ganske greitt, det handlar om kjærleik og hat, stort sett. Og kampen mellom det gode og onde. Likevel om ein ikjke får gå inn i hovudet på folk, er det enkelt å lese tankane deira, og veldig enkelt å sjå kven som er meint å vere smart eller dum. Wyatt Earp, viss bror blir drept i byrjinga, blir ikkje skjelven av kva som helst.
Som ei kort oppsummering: Ikkje den mest spennande westernfilmen, men Wyatt Earp er ein karakter som det går an å følge med på, og difor blir filmen heilt grei.
