Rocky (1976)
User Rating: 7.9/10 (38,472 votes)
Etter å ha sett Muhammad Ali sloss mot den ukjente Chuck Wepner var Sylvester Stallone blitt så inspirert at han satte seg ned og skreiv manuset som gav liv til den Oscarvinnande boksefilmen, på tre knappe dagar.
Mitt forhold til «Rocky» har vore ganske sporadisk, det starta med «Rocky IV» for 1 1/2 år sidan, fortsatte med «Rocky Balboa» like etter nyttår, og no endeleg filmen som starta det heile. Den gatesmarte Rocky Balboa boksar i amatørligaen og blir, ved meir eller mindre ei tilfeldigheit, trukke av registeret til å sloss mot tungvektsmeistaren Apollo Creed (Carl Weathers).
Filmen er ikkje så mykje boksing som ein skulle tru, bortsett frå den obligatorisk avslutningskampen er det lite anna enn nokre treningssnuttar og godt drama. Rocky er ein sosial tapar og har ingen skikkeleg jobb. Vegen mot ev. suksess og aksept er hard, men mannen har pågangsmot som ein italiensk hingst og eit veldig stort hjarte. Desse eigenskapane til karakteren er det som får «Rocky» som film til å utmerke seg, og gjer dramaet i filmen så sterkt som det er.
Bilde av Rocky Balboa i grå joggedress som strekk armane i lufta har nok dei fleste sett. Denne scena i filmen gjorde at håret mitt reiste seg, og blei ståande. Å få denne kjensla når eg ser film er eg stadig på jakt etter. Etter dette klarar eg ikkje, og vil ikkje, finne noko som trekk ned filmen (var forresten ikkje på utkik etter slikt her uansett). Har du ikkje sett «Rocky».. sjå «Rocky»!
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

(0 hittil)