She’s Having a Baby (1988)

IMDb: 5.4/10 (4,442 votes)

Den mest seriøse filmen til John Hughes til dags dato. Dette handlar om ekteskapet til eit ungt par og dei første åra fram til dei skal ha baby. Kevin Bacon gjer hovudrolla og spelar ein tvilande ektemannen godt. Filmen er eit nyansert portrett av eit ekteskap som ikkje alltid går på skinner. Hughes vel ingen billege dramatiske avstikkarar eller enkle løysingar, men viser mykje til tvil og freistelsar undervegs. Men det er slutten som spikrar filmen, ved sida av å heve pulsen tek den heile handlingsforløpet opp igjen til revurdering. Som at det er enkelt å fokusere på det negative.

7/10

Ferris Bueller’s Day Off (1986)

IMDb: 7.9/10 (59,511 votes)

Eg har tidlegare uttrykkt stor begeistring for John Huges sine fire første filmar, dÃ¥ spesielt «The Breakfast Club» som ved sidan av Ã¥ vere ein god film er ein av mine personlege favorittar. «Ferris Bueller’s Day Off» hamna høgt pÃ¥ lista forrige gong eg sÃ¥g den, men har sunke litt etter gjensynet.

Matthew Broderick spelar Ferris Bueller, ein smart og snartenkt ungdom med karisma og posisjon som forbilde blant alle clique-ane pÃ¥ skulen. Ferris er ikkje spesielt glad i Ã¥ bruke tiden pÃ¥ unyttig skulelærdom og det filmen handlar om er hans niande skulkedag, den norske tittelen «Skulk med stil» er nok meir dømmande enn det «… Day Off» stÃ¥r for, men passar perfekt nÃ¥r det gjeld delen «… med stil». Ferris Bueller er nok ein slaur, men med stil.

På motsett side av Ferris står skuleinspektøren Rooney som har sett seg lei av skulkinga og ser på han som ein trussel mot gode elevar, og søstra til Ferris som er misunneleg på at han stadig slepp unna. Desse er med på å skape litt ekstra spenning og humor i skuletilveret til Ferris, som han nyttar med å ta med kjærasten og vennen inn til byen for å leve livet.

Grunnen til at dette ikkje var like festleg som forrige gong var nok at eg visste kva som ville skje og tenkte meir over at det blir brukt god tid, litt for god, på mange av scenene. Filmen i seg sjølv er framleis veldig morosam, vel verdt å bruke tid på, iallfall om ein aldri har sett den før. Den mangla altså tempoet som får kvart minutt til å føles verdifullt.

Her får ein servert populærkulturelle referansar i fleng, paradeframføringa av The Beatles «Twist and Shout» er framleis ein av dei betre musikalske innslaga på film. Ferris kommunikasjon med publikum er aldri for tydeleg til å bli eit minus, men tillegg mykje til karakteren hans som ein menneskesjarmør klar over eigen posisjon. Skuleinspektør Rooney byr på flotte og enkle slapstickaugeblikk, han har minimalt med delt skjermtid ved sidan av Ferris, noko som forsterkar den patetiske personen han er i jakta på «usårbare» Bueller. Søstra er på si side vanskelegare å forstå, ho virkar ikkje å hate Ferris så mykje som ho er konkurranseinnstilt mot posisjonen hans, noko som vanskeleg kan gjere ho til ein direkte fiende, ein tanke som nærmast blir stadfesta av slutten.

7/10

The Breakfast Club (1985)

IMDb: 7.8/10 (40,914 votes)

Når det kjem til high school drama / komediar er John Hughes ein av favorittregissørane mine, spesielt på grunn av «The Breakfast Club». Her samlar han kjente sterotypar (sportsidioten, nerden, m.fl.) i biblioteket til skulen, der alle er mot sin vilje.

Oppskrifta er den same som blir brukt i reality-tv, svært ulike personar er dømt til å skape konfrontasjonar. Mesteparten av «The Breakfast Club» går ut på snakking og krangling. Manuset, John Hughes her òg, er ei blanding av følelsar og artig tullprat. I blant så sterkt at eg nesten feller tårer, i blant så artig at eg, ja, feller tårer.

Det er ikkje mykje nytt å hente her, det meste er (spesielt i ettertid) blitt brukt og oppbrukt. Stereotypane er berre stereotypar, men alt sit som støypt over heile linja. Heilheita gjer denne unik i sjangeren sin. Her er ingen dautid, filmen er kompakt og fokusert.

9/10

Ferris Bueller’s Day Off (1986)

IMDb: 7.8/10 (42,704 votes)

Ferris Buellers Day Off«Skulk med stil» blei den norske tittelen til denne komedien med Matthew Broderick i hovudrolla, og oppsummerar også filmen ganske effektivt. Det handlar altså om Ferris Bueller sin skulkedag, der han med rektoren frå skulen og søstra besatt på å avsløre han snor seg rundt, blant anna i ein raud Ferrari og som den tysk-amerikanske manns- og kvinneforeninga hovudattraksjon (sjølvutnemnt!) i deira parade.

Det er fint å sjå ein uhøgtidleg komedie som ikkje spelar på å vere rølpete, men faktisk køyrer stil. Broderick er ingenting å utsette på som Ferris, og får godkjent på rett i kamera-snakkinga si. John Hughes viser også med denne filmen at han hadde komediekontroll på midten av 1980-talet, og eg set denne som ein god nummer to etter «The Breakfast Club».

8/10

Weird Science (1985)

IMDb: 6.1/10 (7,351 votes)

Anthony Michael Hall som nerd? Den var ny! Dette er tredje film i John Hughes si High School Reunion Collection. Denne filmen legg litt meir vekt på sprø og unaturlege hendingar, og er den mest komiske filmen i serien. Slutten var ingen overrasking i likskap med «Sixteen Candles», dette er rein underholdning, og enkel hjerneføde.

6/10

Sixteen Candles (1984)

IMDb: 6.9/10 (8,036 votes)

Ein tenåringsfilm med mange klisjear på kort tid. Filmen er ein typisk feel-good film, det skal den ha. Den er tross klisjeane og den forutsigbare handlinga morosam og grei. Sammenligna med ein av dei to andre filmane i High School Reunion Collection, The Breakfast Club, så stiller denne nokon hakk under. Ein del filmar frå 80-talet har nok gått ut på dato (ingen døme desverre), men dei to High School Reunion Collectino filmane eg har sett har ikkje skuffa eller vore dårlege. Gjenstår berre å sjå om Weird Science er god.

7/10