The African Queen (1951)

IMDb: 8.1/10 (29,910 votes)

The African QueenKrigen er komme til Afrika der Mr. Allnut (Bogart) held til med båten sin, som er namnet på filmen: «The African Queen». Han teamar opp med Miss Sayer (Katharine Hepburn).

Saman legg dei ut på reise nedover ei ugjestmild elv. Strie elvestraumar, naturlege hindringar og forskjellige personlegheitar skapar sine høgdepunkt under ei reise der me er vitne til ytre påkjenningar som mjuknar opp to sjeler med vidt ulik bakgrunn. Filmen er først og fremst morosam, men har og god dramatikk. Den held seg godt heile vegen. Det er alltid kjekt å sjå to personar bere ein film godt som her.

7/10

Key Largo (1948)

IMDb: 8.0/10 (13,440 votes)

Key LargoPå veg til ny by i «Key Largo» tek Frank McCloud (Bogart) turen innom familien til ein død venn. Ein storm er på veg og Frank blir verande på familien sitt hotell. Nokre skumle gjester likar ikkje den smånysgjerrige McCloud.

Etter kvart blir det stormfullt både inne som ute, utan at eg vil røpe meir. Det pressande vêret speglar seg på dei involverte, som blir lagt under press i posisjonen dei opptek etter kvart. Så godt eg likte ideen, skodespelarane og miljøet til filmen, blei dette langdryge og litt slappt. Det blei for mykje venting utan det heilt store presset.

6/10

The Maltese Falcon (1941)

IMDb: 8.4/10 (45,239 votes)

The Maltese Falcon«The Maltese Falcon» handlar om mord og mysterium. Sam Spade, Humphrey Bogart i ei av sine meir ikoniske rollar, er etterforskaren som blir drege inn i skotlinja mellom manipulerande og farlege folk på jakt etter ei eksklusiv statuett.

Spade er ikkje dum, han kan vere med på spelet om han må, men det er fullt ut farleg. Dette er god mystikk og ein stilfull film med ei intens stemning, som film-noir er den slettes ikkje dårleg, tvert i mot. Mykje takka vere plasseringa av Bogart som den smarte, oppmerksame og avslappa Spade, men som ikkje fungerar som ein typisk heltefigur.

7/10

The Treasure of the Sierra Madre (1948)

IMDb: 8.5/10 (16,787 votes)

The Treasure of the Sierra MadreDen siste filmen før eg hoppar eit lite stykke ned på lista og ser den siste IMDb top 250 for denne gong, var ingen ringare enn John Huston sitt eventyrwestern med Humphrey Bogart, Tim Holt og senior Huston, Johns far Walter Huston.

Tre fattige dagdrivarar møtes i ein by i nordre Mexico, sler seg saman og reiser ut i villmarka for å finne gull. To ferskingar i følge med ein eldre, erfaren gullgravar. Under ekspedisjonen møter dei vanskelege hindringar, både fysiske og mentale.

«The Treasure of the Sierra Madre handlar om eit enkelt gulleventyr frå start til slutt. Gjennomført på elegant vis klarar heile filmen å halde interessa eller spenninga oppe, då hindringa er av svært ulik karakter.

Det skadar heller ikkje å ha skodespelarar i topp klasse med seg på laget, som kvar får utdelt ein psyke ein berre finn i filmar som kombinerar godt manus med ein god regissør til å hente ut skodespelarane sitt potensiale.

Eg storkoste meg gjennom filmen. Kanskje er den ikkje den mest typiske westernfilmen, eller så er det mine kunnskapar og erfaringar med sjangeren som er begrensa, dette slo iallfall i gjennom her. Eg kan godt tenke meg å sjå fleire filmar lik denne.

8/10