IMDb: 7.4/10 from 37,939 users
Fjerde luke i julekalender 2011 er ein komedie frå 1983 med Eddie Murphy og Dan Aykroyd. Eit veddemål blant to brødre snur livet til Billy Ray Valentine (Murphy) og Louis Winthorpe III (Aykroyd) på hovudet.

Det handlar om pengar. Og det er ein klassisk komedie om rollebyte. Valentine er fattig og tiggar, medan Winthorpe spekulerar i råvareprisar og har eigen tenar. Eit veddemål mellom sjefane til Winthrope snur livet for desse to fullstendig på hovudet. Nesten over natta hamnar dei i den andres livssituasjon.
Eg såg for meg ein komedie med kulturelle krasj. Ikkje overraskande kjem komedien fram av karakterane si tilpassing til nye rollar. Men Trading Places byr på meir. Verken Muprhy eller Aykroyd er tilfredse med måten den andre levde på. Med gamle og nye perspektiv ser dei moglegheitene til å bryte ut av dei nye rollane.
Oppbygginga er enkel og humoren er lett. Ofte handlar det om å setje noko på spissen eller ta noko på kornet. Det er vanskeleg å unngå datering, men 1980-talet har sin sjarm. Og for det meste er det tidlaust.
em>Trading Places er med i julekalenderen fordi handlinga er sett til juletider. Dan Aykroyd vil bli hugsa for ei dramatisk fyllekule i julenissekostyme som har er eit av fleire uventa utfall i filmen. Spesielt utprega julestemning har ikkje filmen. Eg la ikkje merke til julesangar. Men som Peter Bradshaw i The Guardian skriv: «It has all the elements in place: a Christmas setting, a fable about money not being important (the story is Dickensian in sentiment, Shavian in form), a rich vein of comedy, and some sharp black comedy that doesn’t overbalance the essential heartfelt hokiness.»
7/10
IMDb: 7.4/10 (13,975 votes)
I juli/augustutgåva av Film&Kino fekk monstersauefilmen «Black Sheep» via merksemd. Ein film eg hadde stor glede av under årets Kosmoramafestival her i Trondheim. Forfattaren brukte eit lite utval av referansar som utan å gå på bekostning av lesinga for ferskingar, heller gav inspirasjon til å sjå filmane. For meg var det først og fremst «An American Werewolf in London» som stod seg fram.
To unge amerikanarar på ryggsekktur i Europa er på eit tidspunkt på landsbygda i Nord-England, der dei må søke ly frå regnet i ein lokal pub. Dårleg gjestfridom fører til at dei snarast er på landevegen igjen, med ei anbefaling om å halde seg unna myrlandskapet. Dei overser anbefalinga og får smake følgene.
«An American Werewolf in London» er spennande, sjølv om oppbyggina i sekvensane ofte er tradisjonell (forutsigbar). Skodespelet blant stjernene er ingenting å skryte av, men heller ingenting å utsette på i ein film som denne. Så lenge dei er lause i kofta og med sjarm så er alt bra. Stivt skodespel er i motsetning ganske slitsomt.
Av mange fine sekvensar er transformeringa til varulv, kaoset i sentrale London og ikkje minst den elegante og effektive slutten mine favorittar. Blant elles mykje god underholdning.
7/10
IMDb: 7.5/10 (23,527 votes)
«American Pie», «Accepted», «Road Trip». Lista er lang over filmar eg kjenner igjen i «Animal House», som tydeleg har stått som inspirasjon til ein drøss med high school og college filmar dei siste 28 åra. Det handlar om drikking, hærverk og jenter for det meste. Og sjølvsagt college-brorskap. Animal House er kallenamnet på Delta sitt hus, som får gjennomgå av både rektor og det konkurrerande brorskapet Omega. Men det er ein grunn til det, Delta elskar å feste, får dårlege karakterar og bryr seg ikkje med andres eigendom.
«Animal House» klarar seg godt i sjangeren sin, og har ingen problem med alderdom. Men som oftast som med National Lampoon blir det i overkant av hjernedød humor, og det traff ikkje heilt denne gongen. Sjølv om den hamnar godt oppe på lista i sin kategori, så blir det ein midt-på-treet plassering tvers over. Er derimot slapsticks på slapsticks av bøllete art det ein er på jakt etter, så sats på denne. Det er også eit must for dei som er vel inne i ungdomskomediar, på grunn av sitt breie spekter av plots som andre filmar gjerne berre brukar eit par av.
7/10
IMDb: 5.7/10 (5,289 votes)
Ikkje så morosam heile tiden. Men kult at deler av filmen er spelt inn ved Haukåsen.
5/10