«Mater and the Ghostlight» skremmer ikkje meg, og importerar ikkje spesielt heller. Mater er tauebilen frå «Cars» og han har veldig aktiv fantasi. Stemmene er av skodespelarane frå «Cars», animasjonen er på same nivå.
«Knick Knack» viser at Pixar byrjar å finne formen. Feriesuvenirane på ei hylle kosar seg og ein snømann i ein snøglobe vil vere med i selskapet deira, men er innesperra. Ein komplett historie og god musikk.
«Tin Toy» er den første filmen med eit menneske, ein grusom baby som jaktar på ein redd tinnsoldat. Komisk, men det slo ikkje heilt an. Animasjonen blir stadig hakk betre, men har ikkje blitt imponerande endå.
«Red’s Dream» går inn i dagdraumen til ein bortgøymt eithjulssykkel i ein sykkelbutikk. Pixar har prøvd seg på noko litt større her og lykkast kanskje ikkje heilt, den blir småkjedeleg i forhold til det andre i samlinga.
«Luxo Jr.» introduserar maskoten til Pixar, den søte lampa som hoppar rundt. John Lasseter har klart å gi dei to lampene som er med menneskelege trekk, animasjonen er nok enkel, men fungerar ganske godt.
Dette var andre saker enn «Toy Story». Med ei historie som er langt større i forhold og betre passande for den eldre generasjonen med sine referansar til «Star Wars» og «Goldfinger», blant anna.
Filmen har ein god djubde og tek opp og kritiserar dei slemme samlarane, utan å ville få folk på nakken så må eg sei at ein modellfigur eller leike gjer seg betre i utpakka forstand enn i boksen. Pixar har dessutan lagt meir detaljar inn i bilde, utan å misse den fine stilen frå den første filmen. Men alt kjem til sist ann på historien, som denne gongen faktisk er spennande. Og sjølv om eg kan klage på anstrengte forhold til Tom Hanks og Shawn Wallace, så forsvinn dette problemet bak alt det andre.
Eg er ingen stor fan av Pixar/Disney-filmar, men synst dei fleste er heilt greie. Difor har eg utsett å sjå «Cars» ganske så lenge no, men tok meg endeleg i dag meg tid til å sjå den.
Å for å komme til saken, dette var ein god film. Lang, men det ser eg ikkje på som anna enn eit pluss. Sjelden har ein film som dette, som er retta ein del mot den yngre målgruppa, klart å fenge så bra her på hybelen.
Trass i bilane, her var det verkeleg sjel i bilde. Og så massivt med detaljar overalt, ingen tvil om at dette er planlagt ned til minste pixel. Ei kort gjennomgåing av lista over tidlegare sette animasjonsfilmar i år, så kan eg vel fastslå at denne kjem best ut. Det er lenge sidan eg har kost meg så mykje med alle delene av ein animasjonsfilm, og ikkje berre historie eller animasjon.
Pixars første store hit er ein film som ligg godt i minne hjå meg. Ikkje fordi eg har sett den, men fordi eg ikkje har sett den. Heilt sidan 1995 har eg gått å tenkt på å få sett den filmen med jamne mellomrom, eg hugsa blant anna «Toy Story»effektane i leiketøysbutikken og ekstrabladet med ein «Toy Story» teikneserie som fulgte med Donald Duck & Co.
Så då var tiden inne for å sette seg ned, og sjå den. Og det må eg sei, «Toy Story» er ein fin barnefilm, med fart og spenning og mange rare, men sjarmerande leiketøy. Så altfor dramatisk er den ikkje, ettersom den ikkje er retta mot aldergruppa mi akkurat, men det hadde eg heller ikkje venta meg, så det gjorde ingen ting. Alt i alt hadde eg fine 80 minuttar, men «Toy Story» seglar ikkje opp som min favoritt Pixarfilm.
Og det faktum at det var ein barnefilm, men likevel god, gjorde at eg eigentleg ikkje var underholdt meir enn gjennomsnittleg.
