Royal Pains sesong 1

12 episodar.

royal_pains_poster«Royal Pains» verkar som eit bestillingsverk frå USA Network der kravet var «Burn Notice», men med ein lege. Ein over gjennomsnittleg smart og ressursrik mann blir fryst ut frå bransjen, og dreg dit strøjobbar hamnar i fanget hans. Serien, som i Noreg kunne fått namnet «Landsbylegen i the Hamptons», er lett å like; blanding av drama og komedie. The Hamptons byr på høg dollarføring. Legen Hank hjelper likevel fattige ved sidan av rikmannsklientellet. Han har eit team av motsetningar, broren og assistentdama. Ein mindre raud tråd gjennom episodane og du må ofte sjå neste straks. Ingen klassikar, men lett underhalding.