The Santa Clause (1994)

IMDb: 6.1/10 from 22,051 users

Tolvte luke i julekalender 2011 er nissefilmen The Santa Clause med Tim Allen. Ordspelet med ein e på slutten av Clause legg føringa for handlinga og set standarden for den enkle komedien.

Styrken til The Santa Clause som julefilm er eit tydeleg tema. Det handlar om å tru (på julenissen), og det blir klart tidleg i filmen. Resten av filmen blir du masa hol i hovudet om dette. I tillegg til får du dumpa over deg ei snøskuffe med spesialeffektar som umogleg kan ha sett heilt bra ut i 1994.

Scott Calvin (Tim Allen) blir til julenissen, men verken vil eller trur det sjølv. Før heilt på slutten. Sonen til Scott, Charlie heiter han, er aldri i tvil om at faren er blitt julenissen. Charlie blir ikkje trudd av dei vaksne. Før heilt på slutten.

Eg har aldri sett The Santa Clause samanhengande. Eg har aldri hatt noko i mot filmen, heller ikkje etter å ha sett han. Men det blir for enkelt. Det blir dill og dall og er i det heile ein eindimensjonal film. Målgruppa er nok heller ikkje meg og likesinna. I grunn synst eg filmen sender dårlege signal. At Scott som prøver å hjelpe ein person blir straffa er ein skremmande moral. For å bli feit og skjeggete er ei straff. For barn som i utgangspunktet er redd julenissen må det vere reine skrekkfilmen.

Men eg kjedar meg aldri. Forventingane var små, og fallhøgda soleis låg. Eit par scener er morsomme, og resten er heilt ok.

5/10

Miss Congeniality 2: Armed and Fabulous (2005)

IMDb: 4.9/10 (3,917 votes)

Miss Undercover 2Ein ekte møkkafilm! Den første hugsar eg var heilt grei dårleg, men denne var verkeleg kjedeleg dårleg!

2/10