Romance & Cigarettes (2005)

IMDb: 6.5/10 (470 votes)

Romance and CigarettesJohn Turturros «Romance & Cigarettes» markerar eit vegskilje i mitt forhold til musikalar. Det er den første filmmusikalen eg kan like meir på grunn av musikken enn den resten av filmen. Godbitar frå Tom Jones, Bruce Springsteen og James Brown er blant anna å finne her. Grunnen til at eg ser på dei musikalske framføringane som den sterkaste delen av filmen er ikkje at historien er svak, men den er kanskje litt rotete fortalt. Ein får likevel med seg hendingane utan problem, så det er ikkje direkte øydeleggande. Synginga gir eit inntrykk av å ikkje vere perfekt som i mange andre musikalar. Her blir det sunge med originalsongane med vokal i bakgrunnen, og sangstemmene er ikkje alltid like pene, men ingenting eg kunne komme over var falskt heller. Det blir ein eigen sjarm. Dansinga er morosam å sjå på, og er ei etterlikning av mangt ein musikal.

Alt i alt vil eg sei John Turturro har gjort ein god film. Den har eit stykke igjen til å vere fantastisk, og har sine manglar. Men er absolutt ein verdig filmoppleving. Ein anbefaling i musikalsjangeren, om du vel å kategorisere den der. Ser ut til at folk er ueinig på det punktet, men eg ser ikkje grunn til å la vere å kalle dette ein musikal.

6/10