Filmdagbok
ness
07-okt-2007

Katakombene 2007

Katakombene, eit mørkt kjellarlokale der vanndammane på golvet aldri tørkar opp. Eit avstengt område for resten av verda. Samlingslokale for ei lita gruppe filminteresserte norske bloggarar og andre ein gong i året, under kommandoen til Fred Ut. Ein laurdag i Skien utan anna enn film på programmet. Sjølv tok eg den grusomt lange turen frå Trondheim for andre år på rad for å sjå følgande filmar. Lenker som likegodt kan komme før skrivinga: Fred Ut om Katakombene i ettertid, Espen Iversen likeeins. Skrytet deira speglar mine tankar veldig godt og sparar meg for skriving!

The Sword Bearer«The Sword Bearer» frå 2006. Ein mørk og dyster russisk film om ein mann med spesielle emner. Emner som lett kunne ha skapt ein superhelt i ei anna samanheng. Her møter me ein forstyrra mann på flukt frå politiet. Som med noko eldre russisk film er handlinga tydleggjort med bilda. Men djubde manglar, både karakterar og historie føles litt platt. Dette til tross, «The Sword Bearer» var ein fin start på dagen. Vurdering: 6/10.

Neste på programmet: Den japanske kortfilmen «Armchair Theory». Ei fantasifull vegleiing til korleis mannen skal få kontakt med ei kvinne, lagt opp med ein steg-for-steg del etterfulgt av punkta i praksis. Humoristisk vinkling og overdriving utan like, «Armchair Theory» er meint å vere og blir useriøs undervisingsfilm med eit snev av sannheit. Vurdering: 8/10.

Kabul Express (2006)Kanskje min favorittfilm for dagen. Indiske «Kabul Express» handlar om to journalistar i Afghanistan, spela av to Bollywoodstjerner. Ingen typisk Bollywoodfilm. Fråver av dei tradisjonelle songnummer og ei lengde på halvannan time. Filmen klarar på ein fin måte å ta opp seriøs problematikk utan at det går på bekostning av ei god stemning, eller at det blir noko einsretta syn mot USA, Taliban eller andre. Vurdering: 8/10.

Som avbrekk før neste film stod «Doctor Who» med episoden «The Girl in the Fireplace» på programmet. Eg har sett eit par episodar tidlegare utan å bitt meg meir merke i serien. Eg blei derimot positivt overraska når denne episoden rulla over lerretet i Katakombene, dette var god tv! Fint drama, spennande, god struktur, «The Girl in the Fireplace» har vunne prisar og kan nok stå som eit sterkt eksempel på bra episodisk tv. Nesten som ein film med begrensa teknisk budsjett på 45 minuttar.

9th Configuration«The Ninth Configuration» var tredje langfilm, klokka var allereie blitt 17.45. Men så gjekk tida seinare. Filmen har kvalitetar; eit godt behandla tydeleg tema og mange gode enkeltprestasjonar. Det startar lett med humoristiske innslag i den militære psykriatiske institusjonen handlinga er lagt til, for så å bevege seg gradvis meir mot å vere alvorleg på eit semifilosofisk nivå. Gode vriar og hyggelege referansar bidreg til å heve kvaliteten. Problemet er at filmen tek seg altfor god tid til det meste og blir ei tålmodigheitsprøve utan like i Katakombenesamanheng. Vurdering: 6/10.

Nils J. Nesse hadde teke med seg kortfilmen sin «Refusert» som viste seg å vere veldig god. Kort sagt handlar det om manusforfattaren som gjer seg nytta av tilbodet frå Norsk Film Utvikling om prøverom (få manuset framført av etablerte skodespelarar).Fortfilmen var morosam og virka å vere godt likt av Katakombenepublikum. Eg skriv under på at dei tretti minuttane gjekk unna. Vurdering: 7/10.

Teenagers from Outer Space (1959)«Teenagers from Outer Space» er ein av dei «verkeleg klassiske B-kalkunane» (sitert Fred Ut frå programmet). Simpelt handlingsforløp, dårlege skodespelarar, elendige effektar. Ingenting er på plass her, noko som sjølvsagt gjer det til strålandes underholding. Årets «Diabolik» blei det sagt. «Teenagers from Outer Space» ligg trygt nærare morosam dårleg enn kjedeleg dårleg. Greia med at romvesen utsjåandemessig lik menneske kjem til jorda for å oppdra dyr identisk utsjåande med hummer er god. Det er likevel skodespelarane si håndtering av dei som skapar mest latter. Til å vere ein film frå ein 50-pack som i tillegg innheld ein veldig grusom film om aliens og julenisse som Fred Ut viste meg deler av i fjor er eg fornøgd! Vurdering: 6/10.

Running on karmaKort pause før «Running On Karma», som alle pausane denne dagen. Johnnie To gir oss ei sjangerblanding av ein film utan like. Kampsport, politifilm, overnaturlege krefter, horror, romantikk, religion, komedie. Utan klare skilje. Den gode skodespelaren Andy Lau gjer hovudrolla i ei utruleg teit muskeldrakt. Så seint på dagen vart «Running On Karma» i overkant av blanding, mot slutten heller slitsomt. Men den har kule slossecener og er på ingen måtar einsformig. Berre litt rotete. Greia er at eg veit Johnnie To kan lage betre, langt betre, film. «Exiled» hadde eg stor glede av tidlegare i år. Vurdering: 6/10.

Faster«Faster, Pussycat! Kill! Kill!» kl. 00.40 var avslutningsfilmen og hadde overraskande god oppslutning, tross tidspunkt og mange firkanta auge. Sjølv har eg sett filmen før, utan å blitt overbevist om noko. Denne gongen fungerte den litt betre. Gjort merksam på det tekniske blei eg sittande å fokusere mykje på det, som fint kameraarbeid og stødig klypping. Bilkøyringa er kul, damene er tøffe, mennene er i blant undertrykkte, men aldri utelatt. Unekteleg trøytt kan vere litt av grunnen, men filmen nådde ikkje toppen på skalaen denne gongen heller. Vurdering: 7/10.

 
ness
25-feb-2007

Chuen jik sat sau (2001)

Fulltime KillerUser Rating: 6.8/10 (2,072 votes)

Hong Kong action i «Fulltime Killer» stod på programmet i dag, min andre Johnnie To film denne veka. Me går tilbake til 2001 og får ein film med Andy Lau, Takashi Sorimachi og Simon Yam i dei største rollane.

O (Sorimachi) er leigemordar nummer 1 i og rundt Hong Kong (den delen av Asia). Tok (Lau) er misunneleg på denne posisjonen, og meinar at han sjølv er ein flinkare leigemordar. Ved å utføre drap på spektakulere vis, ofte som vist på film (her finn me referansar til både «Leon» og «Point Break»), trekk han merksemd til seg og klarar å skape seg eit namn. Oppi alt dette her føregår ei politietterforsking på desse, på tvers av landegrensene. Detektiv Lee (Yam) forsøker å jakte ned både Tok og O.

«Fulltime Killer» er litt rotete. Eg hadde problem med å henge med på alt til tider. Betre blir det ikkje når Chin (Kelly Lin) ein plass seier namnet til Tok på voice-over, mens ein ser på bilde at ho meinar O! Forvirring til tross, actionbiten av filmen er ingenting å klage på. Heftige shootouts dukkar regelmessig opp. Får ein tak i historia der filmen ikkje rotar det til for seg sjølv, så blir det heile interessant oppi adrenalinrushet.

Oppsummert: God Hong Kong actionthriller med gode skodespelarar, stilige skytesekvensar, påtenkt eller uheldig forvirring, men solid underholdning. Den når ikkje heilt opp til «Exiled» (som eg såg for nokre dagar sidan). «Fulltime Killer» får likevel meir enn godkjent.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
22-feb-2007

Fong juk (2006)

ExiledUser Rating: 7.4/10 (456 votes)

«Exiled» er stilig, ytterst stilig. Bygd opp som ein typisk gammal spaghettiwestern med Clint Eastwood, satt til eit moderne Macau, består den av rolege sekvensar med lite dialog avveksla med heftig skyting som kan ta pusten frå dei fleste.

Ikkje nok med det, filmen har humor og. Bisarr eller berre rar, det er ei vurderingssak. Eg synst den balanserar på ei hårfin linje mellom sprø og sprøare. Opningsvis kjem eit kjempeeksempel på dette, viss du ikkje ønsker å vite noko som kan røpe ei god scene, så hoppar du over neste avsnitt.

To par våpenkyndige gangsters møter opp for å eliminere eller redde ein mann, Wo. Etter ei dramatisk skytescene i eit umøblert rom inngår dei våpenkvile for å konversere framfor å skyte, men sidan det ikkje er plass å sitte i dette rommet, så møblerar dei like godt rommet først som sist - samt gjennomføre ei grov oppussing av skadar.

Lange rolege sekvensar kan få «Exiled» til å virke lang. 100 minuttar ikkje er det verste i grunn, og regissør Johnnie To brukar dei godt på å skape ei gradvis oppbygging. Kontrastane mellom harde, blodige møte og munnspel ved leirbålet eller myntkasting for å avgjere om dei skal rømme mot høgre eller venstre i eit bilkryss, gjer dette til ein tydeleg og enkel film å følge med på. Kjedeleg blir det heller ikkje.

Synst du dette høyres bra ut og kunne tenke deg å sjekke ut denne Johnnie To. Fred Ut har satt dei 10 beste filmane hans opp i prioritert: link.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10