Filmdagbok
ness
31-mar-2007

88 Minutes (2007)

88 MinutesUser Rating: 6.4/10 (1,076 votes)

«88 Minutes» er ein forvirrande thriller med Al Pacino som college professor/rettspsykriatar. Der gamlingen menga seg med yngre, pene kvinner, sjølv etter ein drapstrussel som går ut på at han har 88 minuttar igjen å leve.

Trådane i filmen er mange, det held derimot å sei at Jack Gramm (Pacino) i løpet av dei 88 minuttane etter han mottek trusselen prøver å finne ut kven som truar han, samtidig som andre småproblem må løyasast.

Det kunne ha blitt spennande med tidspresset hengande over, men det merkast ikkje i heile tatt. Det einaste som merkast er at det blir forsøkt veldig hardt å skape ein smart film, til den grad at det blir overflod av detaljar og ord, fleire hint blir for tydelege, og moroa med å prøve å forstå noko forsvinn i resten av rotet.

«88 Minutes» føles billeg. Ikkje som ein indieproduksjon, meir som ein nedprioritert storstudioproduksjon på negativ måte. Kamera er slurvete, og i det forsvinn opplegget rundt kameraføringa frå avstand. Det meste føles rett og slett halvgjort.

(Tysk plakat betyr forresten ikkje tysk film!)

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10