IMDb: 8.6/10 (113,222 votes)
Eit lite hurra for at eg kryssa av min 100. sette film på IMDb top 250. Dette var ein verdig film å løyse ut jubileumet med. Den var fri for dei mange typiske klisjear brukt i thrillersjangeren. Anthony Hopkins gjorde ein god rolle som den sofistikerte seriemordaren Dr. Hannibal Lecter.
Filmen gav ei guffen stemning der det trengtes, og var ikkje suppete og trist ved vising av dei nedbrotne foreldra til den kidnappa Catherine Martin. Det var med andre ord det meste i denne filmen som skulle til for å gjere den god.
7/10
IMDb: 6.8/10 (11,920 votes)
Denne gongen fekk eg sett filmen med undertekstar, noko eg ikkje hadde tilgong til sist, og det gjorde den ein del betre. Eg fekk med meg mange fleire poeng, og fekk litt meir å tenke på undervegs.
7/10
IMDb: 6.7/10 (5,363 votes)
Skulle ikkje forundre meg om det som skjedde i filmen ville skjedd i røynda. Hovedpoenget i filmen er at nokon vil og gjer alt for å oppnå draumane sine. Eleanor Shaw er villig til å hjernevaske sonen sin og få folk drept for å sjå han som president.
7/10